«Brorskap»

Fra Dikt

Gå til: navigasjon, søk

Finneheren han blødde
i Russen si Bjørneklo,
Spliti der heime flødde,
og Svea trong hardt til Ro,
Striden han stillna langs Kjølen si Rand,
Nordmann gav Svensken ei broderleg Hand,
«Storebror» sagta det heile hev gløymt,
men her er i Minne det gøymt.

Nordmann fyr Fridom glødde
- av Dansken sitt Vanstell trøytt -
Svensken paa Retten hans trødde,
til Strid fyr vaart Liv vart me nøydt,
Norsken i 9 gav sin Frende ei Hand,
takksam den siste braut inn i vaart Land.
«Storebror» kanskje si Aatferd hev gløymt,
men her er i Minne ho gøymt.

Sjølvstyre-Retten den fekk me
og Svensken sitt Æresord,
Fridomsleidi ho gjekk me,
og Flagget heng frygd'fullt umbord,
llsken han raar no langs Kjølen si Rand,
«Storebror» gjeng fraa sitt Ord - som ein Mann,
Samband med han me eit Sekel hev røynt,
men Brorskapet - det hev han løynt.

Adel i Noreg me eiger,
um sjølve han dyrkar si Jord,
inkje av Svensken han «leiger»,
og trufast so held han sitt Ord;
Brorskap me smakte fraa Sud og fraa Aust,
Island vart rana av Dansken so «raust»,
Svensken sin Pagt ifraa 14 hev «gløymt»,
men her er i Minne han gøymt!



 
Personlige verktøy
dikt etter stikkord
sanger
om nettstedet
Forbindelse
Språk
Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

Ukryptert forbindelse.
SSL
Klikk her for å kryptere forbindelsen


Norsktoppen
IPv6

Dikt og kultur:

Blogger:

Norske søkemotorer:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt | gratis blogg | møt en partner