«Norskdom»

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

«Det kongelige Frederiks -» det er eit høvlegt Namn,
det er den norske Skuta med Danebrog i Stamn,
det minner um den Tidi her, daa alt var danskt og godt
i Stormanns-hus og Hytta og kongelege Slott.

Ver takksam, norske Bonde, og bøyg ditt Hovud stillt,
slaa ned Norrønamaalet, det er 'kje nær so gildt
som det fraa Danmarks Sletter, det hev ein betre klang,
er greidare i «Bisness», stend høgare i Rang.

Hurra for Christiania! - det ærefulle Namn,
det er den norske Skuta med Danebrog i Stamn,
Hurra for Drammensveien, og dei som trakkar der,
som liver i «kulturen» og godt aat «Maulet» lær . . .

Nei, vakne, norske Bonde! det lakkar imot Val,
gakk stolt til Løve-urna, legg Setlen i og tal,
so «Ringen» inn-i Christians-by fær høyra Slag i Bord,
ja, heit og heilag, Nordmannsharm fraa Fjell og Dal og Fjord!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt