Å, Gud Velsigne!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Å Gud velsigne kvar og ein
som lyfter av foreldri stein
og deira byrder lettar.
Gud løne kvar ein liten kar
som gled seg ved å hjelpa far
og gjerne mor si mettar!

Han skal ha framgang i si ferd
og vera heppen i si gjerd
og eiga fred i hugen.
Og det han vonar helst og vil,
han lett skal finna vegen til,
med kveik og kraft i dugen.

Med roti djupt i fedrejord
han rik paa saft og sevja gror
som aldetre i hagen;
foreidre-signing er hans hegn,
og himlen sender sol og regn,
han fagert veks mot dagen.

Og den som hev foreldri kjær,
han er òg Herrens hjarta nær,
han veglaust aldri vinglar;
han finn i nord, han finn i sud
ein himmelstige upp mot Gud
med ljosens vakt av englar.

Dei smil hans kjærleik elska fram
hjaa far og mor, naar sorgi gram
sat attmed deira sida, -
Gud, lat deim møta honom att
som englar i hans siste natt
og lindra all hans kvida!





Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.