Åsmund sveen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Åsmund Sveen

Åsmund Sveen, i 1930-åra ein av dei store norske lyrikarane og ein respektert kritikar i Dagbladet. Sidan han var aktiv i Nasjonal Samling under krigen, fekk han øydelagt ein lovande diktarkarriere, og han blei aldri teken inn att i den litterære varmen.

Sveen var fødd i Sørskogbygda utanfor Elverum 28. april 1910 og døydde i Oslo 31. januar 1963. Han blei inspirert til å skrive nynorsk av lærarar som Nils Kulsveen og Halvor Floden. Sveen debuterte i 1932 med diktsamlinga Andletet, den mest modernistiske samlinga hans, og deretter følgde Jordelden (1933), Eros syng (1935) og Såmannen (1940). Tema er kjærleik, vitalitet, livsdyrking og natur, men også einsemd og isolasjon. Sveen er formsikker, baserer seg ofte på ordklang og rytme og vekslar mellom ulike versemål, og mellom frie og bundne vers. I 1943 kom ei samling Bygdeviser, med eigne notar til 40 av dei. Seinare kom òg interessa for religiøs mystikk og austerlandsk filosofi.

Under krigen hadde Sveen fleire viktige posisjonar i norsk kulturliv, og under krigsoppgjeret blei han dømd til 4½ års fengsel. Etter krigen møtte han stengde dører hos forlaga, i motsetning til mellom anna Rolf Jacobsen. Dette førte han inn i depresjon og alkoholisme, og han døydde i 1963, same året som han endeleg fekk ut ei ny diktsamling, Brunnen.

Kjelder Jan Olav Gatland: Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen. Oslo 2003

Fra Allkunne - nynorsk kulturhistorie

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt