15de regiment Wisconsin friviljuge

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Til veteran-møtet i Minneapolis 13. aug. 1906.

(Chef: oberst Hans G. Heg).

Du hev ditt namn i soga
- det syner nordmanns-mod -
hin dag ved Chickamauga[1]
du skreiv det med ditt blod.
Der sambands-stjerna vinka
sitt: fram! i duken blaa,
og skoti small og blinka,
du gjekk til dauden paa!

Og fremst, med glod i bringa,
dei saag ein urædd kar,
si verja høgt han svinga,
dei «graa» fekk jamnan svar!
Sin vesle flokk han mana
til strid paa blodutt braut,
dei slost for rettferds fana
og storma, stakk og skaut.

Dei stupte tungt paa tuva,
og mangt eit auga brast,
han sveiva kvàt med huva:
stødt fram! det høyrdest kvasst.
Med mod han reid i téten,
der leiken gjekk som best
- daa tona saart trompeten,
og dauden kom som gjest . . .

For rett hans hjarta loga,
i slaget var han mann
- hin dag ved Chickamauga
og ved Stone Rivers strand
Lengst fridomsstjerna smiler
yv' gravi, laag og frid,
der helten tryggt han kviler
i haugen, fri for strid.

Vel møtt, daa, «gamle-gutar»,
i «Minnehahas by»!
Det folk fraa Norigs nutar
tidt auka gamalt ry.
So lenge nordmenn finnest,
og Vesterheim er kjent,
med heider vil du minnest,
Wisconsin-regiment!

Det norske regiment «Femtande Wisconsin» var med i innanlands-ufreden og gjekk i krigen under eit norskt flagg, som det fekk i Chicago ved avferdi. Kompani A kalla dei for «St. Olafs rifles». I slaget ved Chickamauga i Georgia d. 19de septhr. 1863 vart meir enn halvparten av regimentet drept elder saara. Generalmajor W. P. Carlin sa, at «betre regiment saag eg aldri i slaget».

Chefen for «Det 15de», oberst Hegg, var fødd nær Drammen i 1829.




Cite error: <ref> tags exist, but no <references/> tag was found
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt