1914

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Fjellheim blaa med kvite Tindar,
i Sus av Storm og friske Vindar,
vaart fagre Norig nord i Hav!
Tung so ofte var din Lagnad,
men Dagen rann med Sol og Fagnad,
og Trældoms-tidi seig i grav.
Ein dag med Song i Skog, og Bonden bakum Plog,
Feder sterke, med Tru og Mod
paa Eidsvoll stod
og gav oss att vaar Fridom god!

Lengst du kviler under Tuva,
du Ætt, som inkje lét deg kuva,
men verna trutt um heimleg Jord.
Ungdom no deg Kransar binda
og Vegen fram aat Gravi finna,
hav Takk, du gamle Jægerkor!
Enn hev vaart Norig Menn, som varmt for Fridom brenn
Vil standa, med Sverd i Hand
og Fedra-and
kring Duken raud til siste Mann!

Upp og fram, vaart Heimlands Fana!
Din Kross skal kvar ein Nordmann mana
til Aalvors-tak i Fred og Strid.
Stjerna yver Gravi smiler,
fraa Fagnaverk dei Gamle kviler,
no ventar oss den nye Tid!
I Elsk til Norigs Jord, vaart Folk i sud og nord
trutt vil standa, i Broderlag
for Land og Flag
som Federne paa Eidsvolls Dag!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt