Arv

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Gutar, sjaa etter, um Nordstjerna stend,
ell um Svensken hev rive ho ned!
Ja, for slik som han brumlar, so tykkjest det snart,
han kann truandes vera til noko taa kvart.
Og den Karen, han sigtar kje laagt, der han fèr
og han vantar kje Sjølv-Trunad - kom inkje der! -
og han vil raada eine her uppe mot Pol.
Og han hev ifraa Narva ein Rytterpistol.
        - Aa,Gutar, sjaa etter, um Nordstjerna stend,
ell um Svensken hev "skjutit" ho ned!

Gutar, sjaa etter, um Kjølen han stend,
        ell um kanskje han er riven ned!
Ja, for her hakkar Haren kvar einaste Vaar,
og der burte stend Svensken med Sleggja og slaar,
og han lirkar med Staur so paa ymsekvar Stad,
og han borar sig Mine-Hol Rad yver Rad,
og han lader med Ovmod og tendrar med Kyt,
og det luftar til Vest og til Aust, naar han skyt.
        - Aa, Gutar, sjaa etter, um Kjølen han stend,
ell um Svensken hev "skjutit" han ned!

Gutar, sjaa etter, um Noreg det stend;
        ell um Svensken hev rive det ned!
Ja, for Svensken, han hev no til Verdi det Krav,
at han fritt skal faa skoda fraa Hav og til Hav,
og naar Kjølen og Dovre og Galdhøpigg eins
med dei Skagastøls-Kultarne stend der til Meins,
so lyt Dunderen skrala og smella i Nord,
til at Noreg vert jamna med Skaane si Jord.
        - Aa, Gutar, sjaa etter, um Noreg det stend,
ell um Svensken hev "skjutit" det ned!

Gutar, sjaa etter, um Sverik det stend,
        ell um Svensken hev rive det ned!
Ja, for 12te Carolus, han byrja det flust,
og Gustavus den 4de, han fylgde so grust.
Og um Tridjemann lyfter seg Arv etter deim,
vil han einstaden koma - um just ikkje heim.
Og vil Sverik seg faa ein Pultava-Dag meir,
daa kannhenda det fekk han, - - og trong inkje fleir.
        -Men so vil det markast, um Sverik det stend,
ell um Svensken hev "skjutit" det ned.

av Per Sivle.



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.