Bergtroll

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Laagt Loft. Vidt um Veggen.
Glim av Rim og blaa Jøkul.
Skùmt i Hall.
Sylv sprent i Stein gløser,
krøkjer Krok og rang Rune.
Gufs stend som or Kjellar
kald.

Bord breidt rundt seg tøygjer.
Ragge-Troll, Nase-Gygrar
sìt i Kring.
Murr, Knurr, Varge-Gøying,
Grin og Glefs, Gryl og Grymjing
gjeng rundt i den vide
Ring.

Klo klaar Skabb og Skorpe;
Blod renn; harde rullar
Brak av Laatt.
Drjugt drikk saggne Sellar;
blidgast smaatt. Troll og Gygr
riv, gnid Trant mot Tryne
godt.

Tungt kring Hallar-Golve
slaapar dauv Unge-Ætti
Hóp um Hóp.
Sein gjeng Svivedansen.
Baste-Streng Slaatten snurrar.
Traadt dei sviv med Geisp og dauve
Rop.

Døyvt djupt att-i Myrkre
Gygr grin, Trollkall ræer
elskhugs-braa.
Attaat læt Ul og Fræsning:
Klo mot Klo, Tann i Strupe
Uvén vil arge Uvén
flaa.

«Stygt, stygt laug du, Haugmann!»
Gislaug kved; «fæl meg synest
Hirden din!»
— «No i Miss tek du storleg,»
svarar snøgg blide Haugkall;
«dette er Træleflokken
min!»

«Slik Magt, — vil den træle?»
— «Magtlaust er myrke Faavit
all si Tid.
Sjølv skal her du høyre.
Røynast skal Rise-Klokskap
djup og myrk, utan Meining
i!»

Stig han fram til den eldste:
«seg meg, kvi saar um Vaaren
Bonden Fræ?»
— «Hæ?» — Hin uppatt fregar.
Tankefull Risen stirer.
Grin, glor med Grise-Augo:
«Hæ?»

Stig han fram til den yngste:
«seg meg kvi Aai lengtar
ned aat Hav?»
Rise traud Trut rengjer,
lìdar leid lange Øyro:
«ytt som bytt, kvar ho renner
av.»

Fram han stig til ei Gygr:
«kvifor grin Barn, naar Augo
upp det fær?»
Gygri glor: «lat det grine.»
Skjeglar stygt etter Gislaug.
Snufsar, grin, skarpt med Tennar
skjer.

«So er Træle-Ætti.
Inkje eig Jutul Spursmaal,
inkje Svar.
Betre no i Djup stige,
høyre Kvad og Harms Kvæde,
olme Ord av gamle Gumle-
far.»



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt