Blåmann (Forlenget utgave)

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Blaamann, Blaamann, Bukken min,
tenk på vesle Guten din!

Bjørnen med sin lodne Feld
kann deg taka seint i Kveld.

Gamle Lykle, Moder di,
seint kom Heim med Bjølla si.

So ikring seg ho mund' sjaa
liksom der var Faare paa.

Det saag ut som der var Naud,
kanskje no du ligger daud.

Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde daa med deg.

Naar eg laag som blind og dauv,
grov du paa meg med di Klauv;

ja du ville vekkja meg
upp til Leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god,
all mi Ros du vel forstod.

Tidt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg.»

Blaamann, Blaamann, svar meg no,
mækra med ditt kjende Ljod!

Ikkje enno, Blaamann min,
maa du døy fraa Guten din.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt