Bruker:DiktarenLouis

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Diktaren Louis finn du her: http://louisdiktaren.blogg.no

Gullfuglen

Eg som trudde
eg skaut ein gullfugl,
skaut hòl i sola
og skapte eit mørke
som varte for alltid.
 
Louis 6/3-12


Du ser meg

Du ser meg,
snakkar med meg,
lyttar til meg,
smiler mot meg,
rører ved meg.
Du ser meg.
Men du ser meg ikkje slik eg ser deg.
 
Louis 6/3-12


Endelaust univers
 
Ei stjerne susar rundt
i eit endelaust univers.
Milliardar av kilometer
av stad
utan nokon misjon.
For ein gong å ende som eitt
sekunds kvit stripe på himmelen,
som kanskje aldri vert sett av nokon.
 
Louis 6/3-12


Indre smerte

Verda er eit fjell,
vi må grave gruver
for å leite
etter dei tynne
små årer
av kjærleik.

Ein sølvgravar
grev eit heilt liv.
Når gravinga er omme,
har han sølvklump i hand.
Då er alle fjella gløymt.

Louis 3/6-12


Eg vil elske deg

Du går motsatt veg frå meg,
du let deg ikkje dirigere.
Eg vil at vi skal symje saman,
som to kvite svanar i vårt eige vatn.
Eg vil elske deg,
men du går motsatt veg frå meg.

Louis 3/6-12

Du kan stoppe tida

Om eg måtte gå
hundetusen mil
for å få ein brøkdels
sjanse for å kunne
dele mitt liv med deg,
hadde eg gått no med det same.

Louis 6/3-12

Draumejenta

Du eksisterte kun i ein draum,
i eit berusande varmt glimt.
Brått var din eksistens over,
medan min starta atter,
utan deg.

Louis 6/3-12

Solstrålen

Uansett kor grått det er.
Uansett kor tung skodda ligg.
Du er ein solstråle
som kan skjere gjennom
på dei mørkaste dagar
og varme meg .

Louis 2/5-12

Den vakraste rosa

Dei seier
du er
kva du et.

Du må
ha ete
den vakraste
rosa
i heile
hagen.

Louis 3/6-12

Sommar

Eg drøymer om
å ligge
i varmt sommargras
og sjå skyene glide forbi.
Og kjenne lukta av strå
og høyre vinden puste.
Og merke jorda rotere
under ryggen min.
Eg drøymer om
å ligge
i varmt, tørt sommargras
saman med deg.

Louis 3/6-12


Avskjed

Du reiste alt for tidleg,
eg ville ha deg her så mykje lenger.
Eg ser fortsatt fotspora du har gått,
frøa du har sått.
Du har glede inn i evigheita,
kanskje vi sjåast der.

Louis 6/3-12

Kjærleik

Kor ofte har ikkje kjærleik
vorte til hat?
Kjærleiken er som ei
gammal tresnekke
som du må pleie varsomt
kvart einaste år
for at den ikkje skal
svekkast og gjer
at du druknar.

Louis 6/3-12

Terskel

Eg tek aldri det siste steget,
eg voktar heller min rygg mot bakhaldsåtak.
Det som kunne verte eit overvunne hinder
i mitt hekkeløp mot lukke,
vert ein draum forlatt
av frykta for det ukjende.

Louis 6/3-12

Jesu lekam

Eg har smakt på Jesu lekam.
Den var tørr
og smaklaus.
Eg har ikkje hatt lyst
til å smake på den sidan.

Louis 8/3-12

Opne døra for Herren

Du må opne døra for Herren seier dei,
så eg slo opp døra på vidt gap.
Herren fòr med varmen,
og la att kulde.

Louis 8/3-12

Alle som deg

Hadde alle vore som deg
hadde det ikkje vore krig.
Det hadde ikkje vore hunger.
Det hadde ikkje vore drap.
Det hadde ikkje vore svik.
Det hadde vore sommar og roser,
smil og dans,
latter og glede
i all æve.

Louis 30/4-12

Sjå inn i augene mine

Ser du gjennom spegelen?
Ser du all smerta eg har bore,
alle dei arr som er der inne?
Ser du alle skjeletta,
alle svina?
Kun dei ærlege
som har vandra desse mila sjølve,
klarer å sjå
gjennom spegelen.

Louis 02/06-12

Rikdom

Størst er den rikdom
du ikkje kan sjå.
Den rikdom du får frå andre.

Louis 02/05-12

Val

Eg vel vekk det gode
for å leite etter det beste.
På den måten slepp eg å vere nøygd,
men heller vere urolig
på evig leiting.

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt