Dømd

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Det kveldar um Haust yvi laage Land.
Eit Havbrak vaknar ved Nordan-Strand.

Blaakalde Skyir kviler i Vest.
Dagsens Auga sloknar og brest.

Myrane søv under Taake-Feld.
Aa-sus varslar i stille Kveld.

Trolldom lurer i Jordslags Eim; —
Veslemøy hastar med Smalen heim.

Men nede paa Bøen, ved Elvestrand,
saag ho ein underleg gamall Mann.

Knebrok hadd’ han og Kufte sid;
høyrde kje heime i denne Tid.

Daa fekk ho so hjarteleg vond ein Kvekk;
kunde kje koma av tverran Flekk.

Men Mannen tusla paa Elvebard
der attum den eldgamle Skiftesgard.

Tusla og stræva forutan Ro;
sleit og lyfte, men Garden stod.

Lyfte og sleit utan Ro og Rast;
men Steinane laag som i Muren fast.

Daa skreik han og grét av Barmen trong,
skreik og grét til det vart som Song.

     *

Eg hev som vigde Mammons Træl
for vesal Vinning selt mi Sjæl;
for dette arme Stykke Jord
eg fraa meg Fred og Frelse svor.
No finn eg aldri Heim og Hamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Den ut er dømd or Himmerik',
som her i Verdi gjorde Svik;
han miste Ord, han miste Tru
og kann kje millom Venir bu.
No veglaus driv min brotne Stamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Eg gjekk som ærelause Svein
og flutte denne Deildestein;
eg braut mitt Ord, eg brant mi Tru
og kann kje millom Venir bu.
Eg finn kje Fred og Faderfamn,
Gud hjelpe meg i Jesu Namn!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt