Den Id er Herren tekkjeleg

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Tone: Vor Gud han er saa fast en Borg

Den Id er Herren tekkjeleg,
Som Grunn i Ordet heve.
No hev du, Jesu! lovat meg
Di And med Gaavor gjæve;
So gjeng eg fram fyr deg:
Giv det, du lovad meg;
For Ordet av din Munn
Det kjem or Hjartagrunn:
I svik du ei er funnen.

Det Ordet held eg fram fyr deg,
Det traust i tru eg fatad,
Og i din Lovnad gleder meg:
Du Himlen upp vil lata.
Og send den Trøystarmann,
Som røøynleg kallast kann
Ein Eld, ei Dogg, eit Band,
Eit Pant, ein Brunn, ei And,
Ein Salve og Guds Finger.

Kom Trøøystar, gjer meg Rædde sæl!
Kom Eld med heilag Varme!
Kom Dogg, og læska Hjartat væl!
Kom Band og røyr meg Arme!
Kom Pant, gjer Trui trygg!
Kom And og i meg bygg!
Kom Salve, Hjartat læk!
Kom Brunn og Torsten slekk!
Guds Finger, kom med Styrke!

Kom store Gud, du Heilag And,
Fraa høøge Himmelsalar!
I Livet leid meg ved di Hand
Og gjenom Daudens Dalar!
Nytt Hjarta i meg fød!
Og alle Hugsaar grød!
Ver du min Saalarfred!
Mitt ræædde Hjarta gled!
Gjer mine Vegjer reine!

I meg min Jesu Naadeverk
Du maa med Gullskrift skriva!
Sann Tru, fast Von og Kjærleik sterk,
Godt Tol, gladt Hjarta giva!
Naar Tunga prisar deg,
Mitt Hjarta kveik i meg!
Ja lat mi Saal og And
Til Livsens ljose Land
Med stendig Lengsla stunda!

Du Ljos av Kjærleik! kom og skin
Inn i mi myrke Hytta!
Lat dine milde Straalar inn
I hjartat hugsamt glytta!
Og bu so stødt i meg,
O styrk meg dugeleg!
Ver du mi gleda her,
So lenge Hjartat slær!
Mitt Liv i Daudens Time!

Driv ut all Sjølvraad or mitt Sinn!
Lær meg mitt Kjøt at fanga,
Og bøøyg min Vilje under din,
Og læær meg stødt at ganga
I Jesu Kjærleiks leid,
Og alltid standa greid
At fara utan Sut
Or denne Øyda ut
Til Heimen i det Høge!

(Etter S. Jonæson)