Den Paaske er væl ljos og blid

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone:Af Høiheden oprunden er

Den Paaske er væl ljos og blid
Fyr deim, som kjenna Naadens Tid
Og tungt med Syndi dragast:
For gjenom Jesu Grav me kann
No skoda inn i Livsens Land,
Der det til Siger dagast.
         Den Tid
         Vaar Strid
         Vææl fekk Ende,
         Sæælt seg vende
         Verste Naudi,
Daa Guds Son stod opp av Daude.

Fyr vaare Synder Jesus do,
Og til vaar Frelsa sunder slo
Han Daudens sterke Stengla.
At han stod upp, det syner meg,
At Syndi no er daud og veg
Med all si Naud og Trengsla.
         Vaar Natt
         Er radt
         Yvervunni;
         Upp er runni
         Soli raude,
Daa Guds Son stod upp av Daude.

Han er uppstaden, det er godt;
Og dermed Dauden vardt til Spott,
Som fyrr so farleg rasad.
Han er uppstaden, det er visst;
Den myrke Heimsens Magt og List
Vaar kjæære Jesus knasad.
         Det Ord
         Paa Jord
         Liv kann given,
         Dauden driva,
         Satan binda:
Jesus kunne døy og vinna.

Han er uppstaden, det er stort;
Med di han hev til inkje gjort
All Sorg og Sut paa Jordi.
Han er uppstaden, det er godt;
Mi Grav, som var eit Fangekot,
Ein Brudarsal er vordi.
         All Naud,
         Sorg, Daud
         No ei stinga
         Skal mi Bringa:
         Siste Kvila
Synest no til meg at smila.

No er der Veg til Himmel-Land.
Upp! Fylgje, fylgje, alle Mann!
D−er ingi Tid at sova.
Han er uppstaden: dette Ord
Skal spyrjast vida yver Jord.
Han vere evig lovad!
         Ver glad
         Guds Stad!
         Alle kveda
         Skal den Gleda
         Rundt i Radenn−
Jesus Christus er uppstaden!

(Etter Brorson)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt