Det Folk, som fyrr i Myrker sat

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone: Vor Gud han er saa fast en Borg

Det Folk, som fyrr i Myrker sat
Og Daudens djupe Skygge
Og sukkad i den lange Natt
So saart um Ljos og Hygge:
Dei saago braadt ein Dag
Med ukjent herlegt Lag
Ei Morgonstjerna rann,
Som lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sla.

Det Stjerna var av Davids Hus,
Som helge Feder saago;
Men Davids Hytta fall i Grus,
Og Federne alt laago
I Gravom tusund Aar:
Daa rann den Stjerna klaar
Og tendrad Dag paa Jord;
For trufast er Guds Ord,
Hans Lovnad Ja og Amen.

Og Hyrdingar ved Betlehem
Si Hjord um Natti gjta.
Daa Jolebod fraa Himlen kjem;
Det syng med Englalta:
−Me bera Tidend glad:
I Davids Fedrastad
Er føødd ein Frelsarmann,
De Teiknet kjenna kann:
Han lindad ligg i Krubba.

−Gud vere Lov i høgste Hgd!
Guds Fred med heile Jordi!
Og yver Mannens tt hans Tøgd!
So leto Englaordi.
No ganga Hyrdemenn
At fagna Frelsaren
Og falla glade ned
Og fanga den Guds Fred,
Som saart dei stundad etter.

So lat oss med dei Hyrdingom
Til Jesu Vogga ganga
Og giva honom Hjartarom
Og Hjartahugnad fanga:
Der verd all Saknad stild;
Der finn den Trøytte Kvild;
Der faa me Helsebot
Fyr all vaar Syndasott
Og Ljos i Liv og Daude.

No er det Ende paa vaar Sut
No verd det Fred og Fagnad.
For Herren sjølv oss løyste ut
Av Daudens tunge Lagnad.
No er vaar Frelsar fødd.
No Ormen sund er trødd
Og sting ei meir vaar Hl.
No Adams tt er sl.
No er der Fred paa Jordi.

So vil eg deg, min Frelsar kjr!
Med Gledesongar fagna,
Til dess min sidste Time slr
Og Songen her maa tagna.
Daa fr han betre Laat:
Daa blandas ingen Graat
Inn i mitt Helgakvad,
Daa skal eg sl og glad
Deg utan Ende lova.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt