Det einlege standet

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

av Ivar Aasen

Det einlege Standet skal vera so gildt,
Dei tru, du er fri fyre alt, som er ilt;
dei segja, du slepper aa mødast og syrgja,
du raader deg sjølv og treng ingen aa spyrja.
So er du vel heppen og fegen og sæl?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

Du høyrer og ser no um Dagen so mangt,
og fekk du fortelja, so vart det vel langt.
Daa er det vel nokon, som med deg vil røda
og spyrja deg ut um di Moro og Møda;
d'er nokon, som bryr seg um det, du fortel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

Og fer du or Huset paa Langvegen ut,
so skal der vel verda ei Sorg og ei Sut.
D'er nokon, som spyrr deg, naar heim du skal venda
og vil, at du Helsingar heimtil skal senda,
og ynskjer, at alt maatte ganga deg vel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

Og kjem du so heim fraa den framande Stad,
so er det vel einkvar, som gjerer seg glad.
D'er nokon paa Bryggja, som Helsingar hentar;
d'er nokon, som stender paa Vorren og ventar
og helsar deg blidt og er lystig og sæl?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

Og Sotter og Sykjor kann lett koma paa,
daa er der vel Hugning og Hjelp til aa faa?
Du kvider og syter og fær ikkje sova,
daa er det vel nokon, som ser inn i Stova;
d'er nokon, som græt, um du talmast i Hel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

Nei, kann du deg aldri ei Menneskja faa,
so maa du all Hugnad av Tankarne slaa
og venja deg vel til aa sakna og strida,
og trøysta deg medder er fleire, som lida;
det einlege Liv gjerer ingen Mann sæl.
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel