Det vaknar

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Maanen sloknar i Havsens Eim
nede i lægste Sud;
Stjernur tryllte i Ørskesveim
rapar fraa Himilbru,
Vinter gufsar fraa Jotunheim

    yvi Fjellom


Myrk seg sveiper den tunge Nott
tett ikring trollsvævd Jord;
tomt i Stilla det høyrest Laat,
Dvergmaal og døyvde Ord.
Lyktemann vaknar og Naa-Ljos blaatt

    yvi Fjellom


Skrattande Skrell av Hovsveins Lur
gjeng ifraa Varde-Topp;
graatt da livnar i Ufs og Urd
Krok og underleg Kropp.
Hit skal alt som ned-under bur

    yvi Fjellom.


Vinter-Ljose vaknar i Nord
tøygjer dei grøne Bogar,
jagar med Sus under Kvelven stor
fram sine frosne Logar.
skimrar som Sylv og Perlemor

    yvi Fjellom.


Skifter, glimtar i vinraud Glans,
ljosnar og av att fell;
staalkalde Straalar i isbleik Krans
skyt seg fram yvi Fjell,
braar og bivrar som Sverd i Dans

    yvi Fjellom.


Ljosken vinn yvi Varde
knyter seg der i Knut,
gøyser, velter sitt Bivreskin
skiftande ut og ut.
No stend Halli tjeldprydd og fin

    yvi Fjellom.


              *

Daa no allting er so i Stand,
blæs han paa nytt, den Sveinen; —
høgt med Brak kjem den svarte Mann,
set seg paa Store-Steinen.
Augo gløser som Glod og Brand

    yvi Fjellom.


Fram so glider dei Draugar,
ranglar med sine Bein;
ein Gong gav dei seg Hin i Vald,
maa so lide det Mein.
Gravsong susar som Vinden kald

    yvi Fjellom.


Kjem so den hoppande Haugbukk,
Svartalv og svidde Dverg,
Havtroll og Nøkk og den gule Gast
og alle som bur i Berg.
Hit dei hiver i Sjumils-Kast

    yvi Fjellom.


Sist kjem Trollmann og Kvende
hit yvi Aude-Heidar,
rid paa Limar og Staur og Stong,
mullar so harde Eidar.
Fælsleg gaular den Galdresong

    yvi Fjellom.


So er dei samla den heile Hop
baade fraa fyrr og no;
full er Troll-Kluft og Svarte-Grop,
stappa er Tusse-To.
Laatt det rullar og Helsingsrop

    yvi Fjellom.


Og som Storm yvi stride Hav
vaknar den svarte Songen;
Tonar fraa Haug og Tonar fraa Grav
helsar og hyller Kongen.
Stig og strøymer og stilnar av

    yvi Fjellom.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt