Eg er framand

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg er framand, eg er ein pilgrim,
Berr' ei kveldstund, berr' ei kveldstund er eg her.
Steng ikkje vegen, for eg vil fylgja
Guds folk til strid over berg og bylgja!
Eg er framand osv.

Jorda eig ei den ro eg søkjer,
Nei, eg lengtar, nei, eg lengtar til Guds stad
Der sluttar sorga, der tørkast tåra,
Der ingen meir blir lagt død på båra.
Jorda eig ei osv.

Kjære Herre, om eitt eg ber deg:
Fylg og lei meg, fylg og lei meg alltid du!
Ved himmelstranda der vil eg hamna,
Eg heim vil koma og deg vil famna.
Kjære Herre, om eitt osv.