Eg skriv for å be om stillheit

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

EG SKRIV FOR Å BE OM STILLHEIT

leitar fram ord som kan
småprate med stjernehimmelen
ei ømheit
som kan kjærteikne polarstormane
sanningar som sler hjul
i kaleidoskopet


det er for mange ord i verda


glir inn som mørke lågtrykk
på lynsjetukt
eller som blåveismusikk og plissert uskuld
midtvinters i sommarnatta
for å beføle naboens intensjonar


verst er likevel ord
som legg verda
i lake av bitterheit
før dei snur seg over


på sida

Dikt av Hans Anton Grønskag
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt