Ein Bêle

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det kryp ein Haugbukk fram under ein Stein.
Han hev Horn i Skallen og Bukkebein.

Og aldrig saag du so langt eit Skjegg;
det rekk midt nedpaa hans magre Legg.

Og aldri saag su slikt Skrukkeskinn;
det valkar seg ut og det snurpar seg inn.

«Her bykste eg rundt i nihundrad Aar;
men aldri veit eg so varm ein Vaar.

Og aldri veit eg so vent eit Viv;
men her gjeng du gjæter og Sauir driv!

Ja her du gjeng i ditt attande Aar;
og enn maa du bera dit Gjente-Kaar.

Men daa maatte Verdi seg um har skift,
um ikkje du skulde snart bli gift.

Og daa maatte Verdi ha skapt seg paa Tull,
um ikkje du fanga Gard og Gull.

Men høyr ikkje paa denne Blaahaug-Kallen;
slik Jypling som ikkje hev Horn i Skallen!

Og høyr ikkje paa denne Blaahaug-Krok;
slik Arming som eig knapt si eigi Brok!

Tru kje paa det den Ljugaren kvad:
Mor hans gjekk haug-imillom og bad.

Men vil du, so er eg den Guten gilde,
at snart eg skal gjera det helst du vilde.

Gjev meg den Duken du ber um Barm;
av den dreg eg ut din heitaste Harm.

Av den dreg eg ut ditt Tærande Hat;
det fær ho i Kveld til Salt i sin Mat.


Daa ligg ho i Morgo og ille læter,
men tagnar — so vel — um tolv-trettan Næter.»

Veslemøy løyser det lette Plagg;
daa stansar ho braadt; ho kjenner eit Agg.

Skal ho? Vil ho? — Dette er stygt.
Daa riv ho det laust og gjev han det snøgt.

«Hehe!» mekrar Trolle med Gledefaktir;
«men Løn eg tek for dei Natte-Vaktir!

Naar Drosi fraa Aas til Kyrkjegard dreg,
daa rid ho Veslemøy Brudferd med meg!

Men aldri so vere du syrgjefull!
Eg klæd deg upp i det skinande Gull.

Eg vil ikkje skryte; eg er ikkje kaut;
men paa Fjose mitt hev eg tolvhundra Naut.
[ 200 ]

Grisir hev eg som Stein i Strand;
Smalen min aldri eg telja kann.

Land eg eig fraa Hav og til Brè.
Og er eg rik, er eg fager med.

Horn hev eg framme som drusteleg Dreng,
og bak hev eg au det eg tarv og treng.

Eit betre Gifte du aldri naar:
rik Mann og gild, i det beste Aar!»

«Eg vil ikkje! Nei; ho skal ikkje døy!»
ropar angrande Veslemøy.

Til Gud ho bed og slær Kross for seg:
«gjev meg Duken og drag din Veg!»

Burte er den byksande Svein;
Duken ligg att ved den graae Stein.

Duken ligg att paa den Tuvebanke.
Veslemøy skjelv for sin vonde Tanke.