Eit ord

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ja, no skal Noreg
ha Takk fyr meg.
Og so fær daa kvar ein
syta fyr seg.
      Eg gjorde mitt,
      og det var ikkje stort.
      — Men endaa eg segjer
      at gjort er gjort.

Eg vilde det besta,
eg rokk inkje meir,
— og det kann nok raaka
fyr nokon fleir.
      Eg gav det eg hadde,
      eg hadde kje stort.
      — Men endaa eg segjer
      at gjort er gjort.

Eg vilde mitt Noreg
so indarleg godt,
eg vilde det stort,
der det enno er smaatt.
      Og aldri eg var
      so fjaag og so glad,
      som naar eg fekk kveda
      Noreg eit Kvad.

Det eingong fall Noreg
den Tanke inn:
Aa gjera Æra
paa Smaa-Skalden sin.
      Og Norges Sam vit,
      Stortinget sjøl,
      gav tusund Krunor
      til Mat og Ø1.

Det rokk og det vara
— det vara eit Aar.
Og so var det atter
dei gamle Kaar.
      — No, Stortinget gav,
      og Stortinget tok,
      — for Stortings-Gubben
      han er so klok.

Og Hundar gøydde,
og Bikkjor beit,
imedan eg aat meg
paa Staten feit.
      Ja, Stortinget gav,
      og Stortinget tok,
      og eg stod att
      med ei rivi Brok.
      
So hev eg eit Hovud,
der Pina reiv
og riv, dimeir
eg so skriv og skreiv.
      Og naar eg so talmast
      paa harde Liv,
      so ropte dei: „Skunda deg,
      Per, og skriv!“

Og Vener eg hadde,
og inkje faa.
Men ein etter ein
fekk dei Hug aa gaa.
      Eg sa mi Meining,
      det var ikkje stort,
      — men lat det no skura
      med gjort som gjort.

Og so skal daa Noreg
ha Takk fyr meg.
Og so fær daa kvar ein
syta fyr seg.
      — Men eg vil Noreg
      so indarleg vel,
      at hugheilt so gav eg det
      Hjarta og Sjæl.




Per Sivle - Viser og kvad - forside.png