Elskug-kvæde

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

Naar eg finge den, eg vilde,
aa! eg skulde voret glad;
som til Gjestebod og Gilde
gjekk eg til min Armods Stad.
Lat so vera, det vardt Møda;
mødast lyt ein, kvart ein vil.
Um det og var trongt um Føda,
Armod er me vane til.

Naar eg berre paa det tenkjer,
ljosnar Heimen som ein Dag;
alt eg gløymer, som meg krenkjer,
allting fær eit annat Lag.
Hugnad som ei Himmels-Sending
strøymer inn i alt mitt Vit.
Allting fær si rette Vending,
Livet fær sin rette Lit.

Alt me skulde havt aa røda,
vilde seint sin Ende faa.
Fagnad millom Trong og Møda
knapt det skulde skortat paa.
Ikkje trur eg, nokon gaadde
myken Ufred, der me var;
ikkje trur eg, at der raadde
myket Strid, og strenge Svar.

Naar me gjekk i Onni saman,
skulde Verket fallet lett.
Laga skulde me med Gaman
alt, som best me hadde seet.
Aldri er det tungt aa træla,
der ein stødt kann Hugnad sjaa.
I eit Hus med Fred og Sæla
der verd alla Mødor smaa.

Lat deim etter Pengar grava,
dei som stødt paa Rikdom sjaa.
Naar ein fulle Hus kann hava,
tru dei, inkje stender paa.
Endaa ymist Folk eg kjende,
som var rikt og kom i Skort;
og paa same Tid det hende,
at eit litet Bu vardt stort.

Nei den Skatten vil eg unna
deim, som honom hava vil;
helst til deim, som aldri kunna
utan Rikdom vera til.
Men ein Heim, der Hugnad kvilde,
var den Ting, som mest meg drog.
Naar eg finge den, eg vilde,
var eg alltid riker nog.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

Norsktoppen
IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt