Færøyarne!

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Øyland midt i Nordhavs Brak
med di sterke Soga bak,
frilyndt Nordmann elskar deg,
Tanken gjeng i Vesterveg,
flyg dit ut paa stormfull Sky
- huga knyta Band paany!

Mangt eit herlegt Land eg saag,
Palmestrender for meg laag
- underfagre Sørlands-kveld
med sitt rike Stjernetjeld . . .
Øyland vest med Fjellgard blaa,
du hev Hugen min endaa!

Magnus-kyrkja paa di Strand
skodar mot det gamle Land,
austpaa det var vanleg Kos
- Bispen høg i Nidaros!
Frendar tidt i samla Lag
vitja gilde Trondheims Stad.

Færøygut, paa Bjørgvins Vaag
visst ein Masterskog du saag
- hundrad Segl paa blaae Fjord,
daa Kong Haakons Snekkjor fór,
mang ein Skotte maatte døy,
daa me kom til Suderøy.

Titing millom Gras og Lyng
vænt um Sumardagen syng;
vesle Blom paa Færøyfjell
tungt aa segja deg Farvel
- fagre Gjenta, djerve Gut,
Fugleferd kring Berg og Nut!

Ungdom spræk i Leik og Dans,
Tinderad i kveldraud Glans . . .
For mitt Minne vil du staa
Færøyflagg med Tjelden paa -
Høgt i Solrøyk Skalingfjell
blaanar burt . . . Farvel, Farvel! . . .



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt