Farvel til Vesterheimen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Siste strime - langt derinne -
sig' i rosur, gull og blod . . .
attum ligg eit fagert minne
Vesterheimen var meg god.
Gjestmildt folk og væne grender,
heimlegt kvart eit andlitsdrag,
helsing eg aat Vinland sender,
stort var hennar hjartelag!

Utferds-lengt fraa gamle tider -
- Leif med handi yver bryn -
bryter veg, traass tunge strider,
viking-ætt i hug og syn.
Men um vest dei stamnen vende
- inkje stødt med smil umbord -
djerve menn og staute kvende
minnest enn si fedrajord!

Minnest enn sitt heimlands tindar,
høge, morgongyllt mot sky,
duken raud for friske vindar
fløyma yver bygd og by!
Fridoms-elsk og eld i bringa,
kjem vaart land i naud ein dag,
vil dei beint i kne oss tvinga
- gløymt er inkje Norigs flag!

Daa vil hundrad skutor duva
vestatt inn mot «Nes» og Stadt:
Gamle Norig! - Av med huva!
Guten heit og harm ved ratt . . .
- Difor ei i myrkret famla,
alt so tek det til aa gry:
Fram, ja, fram, imot eit samla,
sterkt Norrøna-folk paany!

Siste strime -: Gode frende,
lat oss knyta broderhand!
Me er smaa - so mangt kann hende -
verne Gud vaart fedraland!
- - -
Tidt ho kjem i mine tankar
viddi vest ein solraud kveld . . .
Hjarto der for Norig bankar,
takk daa, Vesterheim - farvel!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt