Fedraminne

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

At far min kunde gjera
det gilde, han hev gjort,
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var fraa dag til annen
for meg so god ei stød:
stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.

Slik kar var aldri funnen,
so langt som soga veit.
Og ordet flaug fraa munnen
so godt, som sverdet beit.
Du høyrd'n aldri mala
i klynk um sine kaar.
Den guten kunde tala
med skjemt um sine saar.

Han fransmann lærde fikta
og finna ridder-verd,
og engelsmannen dikta
og hava sjøen kjær.
Og fremst han stod i lina,
og rett han stelte den:
Fraa Skottland til Messina
han skapte styresmenn.

Min store fader døydde,
- sjaa det me alle maa -
og arven burt dei øydde;
men sumt eg att' kan faa.
Her gjeng eg stundom sliten
og leitar etter ord.
Skal tru eg er so liten,
for det han var so stor?

Men graset gror paa bøen,
og korn paa gamall vis.
Og enno gamle sjøen
er like fri for is.
Vaar' fjell er like haage
og lufti like blaa,
so enno like fjaage
me fram kan stemna paa.




Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.