Ferdig læling

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ei læretid er omme, no har du fått ditt brev.
Eit synleg, handfast merke på langt og flittig strev.
Du har to sterke hender, du har di handverkssjel.
Du valde handas gjerning, og tok den gode del.

Din praksisevne fekk du ved prøving dag for dag.
Du veit at hand og hjerne skal skape alt i lag.
Slik vart vår kunnskap bore, ja, i frå oldtid flaug
ein hær av visdomsfuglar, frå visdoms gamle laug.

Det er så stor ei gjerning, å gå i desse far,
bera arven vidare med all den kraft du har.
God gjerning, og god lykke vi ønskjer deg i dag!
Vi ber om at vi framleis, kan vera i ditt lag.



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.