Fram, Isafold!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

<dikt> Dei trugar oss dernede ifraa det flate land, paa sønerne av fjellet vil dei leggja muleband; men kvar ein frilynd nordmann han svarar med ein smil du skulde vel'kje minnest ei vinternott i Kiel?

Du skulde vel'kje hugsa, korleis du daa gjekk fram? Heruppe stend me samde og kallar det ei skam, og dei, som bur paa øyarne, du skilde oss ifraa, dei elskar enn sitt moderland med tinderekkja bIaa

For, folket vest i havet, det er av norrøn rot, og saart og tungt det stunder ein reisningsdag imot, det krev sitt eiget styre der paa si eigi strand og inkje dine sleipe, «u-uppsegjelege» band.

Fraa Norigs frie nutar me ropar Island til: statt vakt mot dane-veldet, det veit nok, kva det vil; me røynde her eit «samband» i hundradvis av aar, og myrk for kvar ein nordmann stend dansketidi vaar.

Eit ynskje brenn i bringa: tillukka frende-tjod! lat dane-klokka svinga, det er ein framand ljod. Hans hèrrop[1]: «Aldri vika!» i faneduken sett, daa vil du inkje svika, men fram for IsIands rett!

Merknader[rediger]

  1. Jon Sigurdssons.