Fyregangsmannen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk
Bøn.

Herre Jeſus Kriſtus! me koma til deg og beda deg um din Naade. Me trenga ſo hardt til honom, for me er inkje, ſom me ſkulde vera. Me ſkulde tru, og me tru altfor litet; me ſkulde vera heilage, og me er alt annat; me ſkulde ganga den tronge Stigen, ſom ber til Himmelen, og me ganga ſo mange den breide Vegen, ſom ber til Helvite. So er det nog Naudtorv til, at Johannes Døypar kjem imot oſs med Krosſen ſin og ſegjer: vend um, vend um, her er inkje Frelſe at finne denne Vegen! At me daa vilde lyda etter dette Aalvorsordet hans, at me maatte ſkyna, me endaa trenga Ordet um Bot og Bøn, at me endaa trenga, at ein ſyner oſs Vegen, og gjev med daa alle i Hop maatte koma til deg Herre Kriſtus, og audmjuke ſegja ſom Petrus: „Herre! kven ſkulo me ganga til, du heve det evenlege Livſens Ord.“[1] Amen!

Tekſt.
Math. 11, 2—11.

„Men daa Johannes høyrde i Frengſlet Kriſti Gjerningar, ſende han Bod med Læreſveinom ſine og ſagde til honom: er du den, ſom koma ſkal, elder ſkulo me venta nokon annan? Og Jeſus ſvarad og ſagde til deim: Gange burt og kunngjere Johannes det, ſom de høyra og ſjaa: blinde ſjaa, og halte ganga; ſpitelſke verda reinſkade, og dauve høyra; daude ſtanda upp, og fatige faa høyra

Evangelium. Og ſæl er den, ſom inkje ſtøyter ſeg paaa meg. Men daa desſe vaaro burtgjengne, tok Jeſus til at tala til Folkehopen um Johannes: kvat gingo de ut i Øydemarki til at ſkoda? ei Røyr, ſom rigar fyre Vinden? elder kvat gingo de til at ſjaa? ein Mann klædd i ſine Klæde? ſjaa dei, ſom vera fine Klæde ero i Kongsfardom. Elder kvat gingo de til at ſjaa? ein Profet? ja eg ſegjer dykker, myket meir enn ein Profet. For denne er det, ſom det er ſkrivet um: ſjaa eg ſender Engelen min fyre Andlitet ditt, og han ſkal jamna Vegen din framfyre deg. Sannelega, eg ſegjer dykker, av deim, ſom ero fødde av Kvinnor, er ingen ſtørre uppſtaden enn Johannes Døypar; men den minſte i Himmeriket er ſtørre enn han.“

Brøder og Syſter i Kriſto Jeſu, vaar herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jeſu Kriſto!

Me ſkal i Dag feſta Augat paa Johannes Døypar, han Fyregangsmannen, ſom Kriſtus talar um: „ſannelega, eg ſegjer dykker, av deim, ſom ero fødde av Kvinnor, er ingen ſtørre uppſtaden enn Johannes Døypar“. Det var vel ſtort Ord at høyra detta og ſagt av Gud ſjølv. So var det fulla ſant, for Gud kan inkje taka i Miſt. Johannes Døypar var ſtørſte Mannen paa Jordarike, likefraa Adam til honom, ſom ſtod og talad desſe Ordi. Noa, den rettviſe, Abraham, Guds Vin, Moſes, den megtuge Mannen, ſom førde Jødafolket fraaa Trælalandet til Fridomslandet, David, Kongen etter Guds Hjarta, Elia, ſom foor i Eldvogni til Himmels, alle desſe var ſom inkje at reikna mot Johannes Døypar. Maa me ſo inkje hava Age fyre denne Mannen, ſom me ſtanda Andlit til Andlit med i Dag, og maa me ſo inkje med Aalvore i Hugen lyda paa det, ſom Evangelieboki fortel, og ſom vaar Gud og Frelſar talar um honom i dei Ordi me nyſt hava leſet?

Me hava fyrr høyrt gjetet denne Johannes. Me leſa ſoleides i Evangelieboki etter Lukas[2], at han vardt fødd ved eit Underverk, daa Moder hans var ut or Barnseign, og at Engelen, ſom kunngjorde detta fyre Faderen, ſagde, at han ſkulde verda fyllt med den Heilage-Ande fraa Moderliv av. Me hava likeins høyrt, at Johannes, daa han vardt vakſen, vardt ein ſtreng Mann, ſom livde ut i Øydemarki i Bot og Bøn, og endelega trod fram etter Guds Ord og preikad attmed Elvi, ſom heitte Jordan, og døypte der i Elvi ei Mengd med Folk[3]. Ja me hava høyrt, korleides Kriſtus ſjølv kom til honom og vardt døypt av honom i Jordanelvi[4]. Kvat var det no av alt detta, ſom gjorde Johannes ſo ſtor, at han laut vera Størſtemannen? Jau det var det, at Gud hadde utvalt honom til at vera den Reidſkap, ſom ſkulde brøyta Vegen fyre Guds eiegen Son, ſom ſkulde preika yver alt Jødalandet, at no var han komen, ſom Folk hadde ventat og lengtat etter ſo lenge, han ſom ſkulde „leggja paa ſeg vaare Sjukdomar og vera vaare Pinſlor, han ſom er ſaarad fyre vaare Misgjerningar og ſleger fyre vaare Synder.“[5] Han var fulla kunngjord fyrr denne Frelſar og Løysningsmann, ſom all Skapningen ſukkad etter; han var kunndgjord likafraa det fyrſte Upphavet, daa Gud tilſegjer Adam, at Kvendeavkoma ſkulde kraſa Hovudet paa Ormen[6], men alle dei gamle Profetarne dei ſaag det likſom i Dimma og kunde berre utropa: ein Gong ſkal han koma. men han kom inkje. ætt paa Ætt gjekk i Gravi, og han kom endaa inkje. Daa ſotd Johannes Døypar fram. Han turvte inkje lenger ſegja: „ein Gong ſkal han koma“, men han kunde peika paa Mannen og ſegja: der er han, der gjeng han. No er Himmeriket ſtiget ned paa Jordi, Frelſar vaar er komen, vend no um fraa Synd og Billa og kom til honom, ſom heve Kvila fyre alle.

Og Johannes fylde trufaſt den Ærendi, han hadde fenget. Han ſtod ved Jordanelvi og utropad fyre heile Mannamengdi, daa han ſaag Jeſus koma: „ſjaa det Guds Lamb, ſom ber Verdi ſi Synd!“[7] „Eg heve ſet det og vitnat, at denne er Guds Son.“[8] Og dette Vitnesmaal bar han fram, likatil han vardt kaſtad i Fengſl av Herodes. han ſagde all Ære ifraa ſeg og med Maning til Bot og Bøn ſynte han Folket burt til Kriſtus. Men her i Fangahuſet ber det til eit merkelegt Hende, og det er nettupp dette, ſom Tekſti fortel oſs um i Dag.

Der ſtod: „men daa Johannes høyrde i Fengſlet Kriſti Gjerninger, ſende han Bod med Læreſveinom ſine og ſagde til honom: er du den, ſom koma ſkal, elder ſkulo me venta nokon anna.“ Kvat ſkal detta tyda? Johannes, han ſom hadde vitnat, at Kriſtus var Guds Son, han ſom hadde peikat paa honom og ſagt: „ſjaa det Guds Lamb!“ han ſpyr no, um det er ſant detta, ſom han ſjølv hadde vitnat. Han ſom hadde ſet Himmelen open og Guds Ande ſom ei Duva fara ned yver honom, og ſom hadde høyrt Røyſti fraa Himmelen: „denne er min kjære Son, ſom er meg tekkeleg,“[9] han spyr no, um det var ſant detta, ſom han haddet ſet og høyrt. Detta er fulla merkelegt! Og Orſaki til dette undarlege Spursmaalet, det var, ſtod her, at han høyrde um Kriſti Gjerningar. Korleides ſkal me no finna Grunn i detta? Trudde Johannes elder trudde han inkje? Hadde han trutt fullt og faſt, ſo turvte han inkje ſenda Bod, og det var han, ſom ſpurde og inkje nokon annan. Johannes trudde ſoleides inkje, elder rettare, han kunde inkje ſjaa klaart lenger, han visſte det, og han visſte det inkje. Han kunde inkje rima i Hop detaa, ſom han høyrde um Kriſtus, med det, ſom han hadde tnekt ſeg, han ſkulde gjera. Det var Kriſti Gjerningar, ſom var komne imillom. Johannes Døypar var ein Jøde av rette Slaget, ſom fylde Moſe Log til den minſte Bokſtaven, og ſo tenkte vel han ſoleides, ſom fleſtalle av Jødarne tenkte, at den Mesſias, ſom ſkulde koma, vilde og vera ein Jøde av rette Slaget, fylla Moſe Log etter Bokſtaven, liva ſtrengt og treda fram med Storvyrde, ſom det ſømde ſeg Jødakongen. I den Trui var det, Johannes hadde døypt honom, og i den Trui var det, han hadde peikat paa honom ſom Frelſar. Daa no Johannes vardt kaſtad i Fengſlet, ſo var han glad og frihugad, av di han visſte, at no ſkulde Guds Son byrja, der han ſlapp og ſtiga fram i all ſin Byrdnad. Og korleides gjekk daa Guds Son fram? Jau ſom ein fatig Stakkar, ſom inkje aatte det, han kunde ſtydja Hovudet til, ſom ein Vin av Toldarar og Syndarar, ſom inkje ſkydde dei ſjuke og verkbrotne og ſpitelſke, ſom ein Mann med Handi lyft mot Fariſæar og alt Slag ſkinheilage, men med Famnen open fyre alle, ſom kom til onom med angrande Hjarta. Han prikad mot alle deim, ſom trudde at gjera ſeg ſæle ved ytre Faſta og Bot og ſo og ſo mange Bøner og med at gjeva Oloſor til dei Fatige, og han kærte, at det inkje galdt Logi etter Bokſtaven men etter Anden, at Kjærleike gjev Logi Fullnad.

Sjaa detta var inkje etter Johannes ſin Hug, og ſo ſat han daa der i den myrke Fangaſtova og grundad og grundad, og fyrr han visſte Ordet, ſat han innſpunnen i Tankar ſom Kongla i Veven og kunde korkje ſleppa att elder fram. Kannhenda var det ein Draum elder Synkverving detta, han hadde høyrt og ſet, kannhenda hadde han teket i Miſt av ſeg ſjølv, han var inkje Fyregangsmannen, og denne var inkje Mesſias; kannhenda var denne, han høyrde um, Fyregangsmannen, og at det ſkulde koma ein annan Mesſias. Men Duva han haddet ſet, Røyſti han hadde høyrt — nei det laut vera denne likavel. Aa — kvar ſom heve voret andleg ſjuk, ſom heve voret freiſtat og heve ſtridt, han veit, korleides eine Tanken kann taka hin, ſo ein ſidſtpaa inkje veit, kvart ein ſkal ſnu ſeg, og han vil og kunna ſkyna Johannes, ſom ſit ſjuk i det myrke Fangaholet ſitt og ſtrider med Tvilen. So kom Læreſveinarne hans til og øſte honom upp, av di det gjerna vilde gjera ſin Herre og Meiſter til øvſte Mannen, og ſo ſtod inkje Johannes i det lenger men ſender Bod til Jeſus og ſpyr: „er du den, ſom koma ſkal, elder ſkulo me venta nokon annan?“ Men nettupp detta, at han ſender Bod til Jeſus, det ſyneſt ſegja, at han aldri rett heve trutt paa, at Jeſus inkje var Mesſias, for var han inkje Mesſias, ſo var han ein Lygnar, og til ein Lygnar vilde visſt inkje Johannes ſenda Bod. Det er ſoleides eit Rop um Hjelp til honom, ſom kunde hjelpa, eit Rop fraa eit Hjarta, ſom er uppetet av Tvil, lik Mannen, ſom ropar: „Herre eg trur, hjelp mi Vantru!“[10] „Eg veit du er Mesſias, Guds Son,“ meiner Johannes, „men eg veit det inkje rett, for korleides kann ein Mesſias fara ſoleides aat, ſom dei ſegja, du gjerer. Difyre ſeg berre eit Ord, eit visſt Ord, at du er det, ſo vil eg tru.“

Svarar no Jeſus dette visſe Ord? Nei. Han ſegjer berre: „gange burt og kunngjere Johannes det, ſom de høyra og ſjaa: blinde ſjaa, og halte ganga; ſpitelſke verda reinſkade, og dauve høyra; daude ſtanda upp, og fatige faa høyra Evangelium. Og ſæl er den, ſom inkje ſtøyter ſeg paa meg.“ Kvat meinte Jeſus med dette Svaret? Jau han vilde gjera Johannes ſkamfull, og ſo vilde han, at Johannes ſkulde faa friare og reinare Syn paa, korleides ein ſann Mesſias ſkulde vera, at han ſkulde riſta av ſeg alle denne Dumba, ſom hadde lagt ſeg paa Saali hans. Han ſyner honom berre dei ſame Gjerningar, ſom Johannes hadde vanvyrdt, men ſtutt og greidt og i all ſin Storleike, og ſo legg han til, at den er ſæl, ſom inkje ſtøyter ſeg paa honom. Det er, likſom han vilde ſegja: tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, at lækja dei ſjuke, at retta upp dei verkbrotne, at hjelpa dei lidande, at ſyna dei fatige, det i Anden fatige, Vegen til Himmelen og turka Graaten av alle Augo? Tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, ſo lyt du tenkja upp atter og tenkja betre, til du fær det rette Syn paa, kvat det vil ſegja, at Guds Son er komen og vil reiſa den falne Mannaætti.

Kvat gjorde no Johannes, daa han fekk dette Bod? Evangelieboki ſegjer inkje nokot um det; men ver viſs um, at Johannes ſkamfull heve fallet paa ſine Kne og bedet Gud tilgjeva ſeg Syndi ſi, at han heve ſtyrkt Læreſveinarne ſine ved eit megtugt Vitnesmaal og ſynt deim burt til honom, ſom eien bar Frelſen i ſi Hand. Me kann ſkyna dette, av den Maaten, ſom Kriſtus talar um Johannes paa, etter at Læreſveinarne hans er gjengne. For hadde han, Hjartakjennaren, visſt, at Johannes vilde hardna i Villa ſi, ſo hadde han inkje talat um honom, ſom han gjerer, ſo hadde han inkje ſagt, at han var ſtørſte Mannen paa Jordarike.

Sjaa detta var no Segni, ſom Bibelen ber upp fyre oſs i Dag. Kvat kann me no lære av denne Forteljin? for eitkvart maa me kunna læra, ſoſant det her er Gud, ſom talar til oſs gjenom ſine Reidſkapar. Me kann fulla inkje leſa i Bibelen ſom i ei onnor Morobok, der me inkje leggja ſtort Lag paa, kvat dei ſegja elder drøſa um. Nei Bibelboki talar i kvart ſitt Ord til deg og til meg og til oſs alle i Hop. Kvart det Ordet Jeſus talar til dei ſjuke og verkbrotne og ſpitelſke, det er eit Ord til deg, av di du er andleg ſjuk og verkbroten og ſpitelſk, kvart det Ord han talar til Fariſæarne, det er ſagt til deg, ſoframt du er ſkinheilag og dyrkar Gud med Munnen og inkje med Hjartat, kvart Ordet til dei Fatige er eit Ord til deg, ſoframt du er fatig, andleg fatig. Naar han dømer, er det deg, ham dømer, naar han reiſer upp, er det deg, han reiſer upp, naar han huggar og trøyſtar, er det deg, han huggar og trøyſtar. Difyre er Ordi i Bibelen ſlike dyre og heilage Ord, ſom ein aldri kann leſa og grunda i for myket.

Soleides maa og Segni i Dag vera ſlik ein Spegel, der me kann ſjaa vaart eiget Andlit. Og kven er det vel bland oſs, ſom kann ſegja med Gud og Sanning, at han aldti heve tvilt, aldri heve klagat ſeg fyre Gud? Maa me inkje myket meir ſkjemmaſt yver, kor veſall og laak ein Mann er, ſom inkje kann tru og inkje vera tru desſe faae Aari, han gjeng hernede, endaa Gud leider hoonom fram gjenom Dimma og Myrkr og Vaas og Møda, og tuſund og atter tuſund Gongjer gjev honom Prov paa, at han er den gode Hyrdingen? Maa me inkje fæla fyre oſs ſjølve og tenkje: „korleides kann eg arme Syndar ſtanda, naar Johannes, han den ſtørſte fall?“

Og ſkulde her vera ſume, ſom tykjeſt kjenna ſeg frie, ſom hugheilt vil ſegja, at Trui og Voni og Kjærleiken er ſom dei ſkulde vera i Hjarto deira, ſom kjenna ſeg ſtøde paa, at dei aldri ſkal falla — kom ſjaa i Spegelen! Daa Johannes ſtod og døypte Jeſum i Jordanelvi, daa vilde han og hava ſagt for visſt, at han aldri ſkulde fallet, men ſjaa — Dagen er inkje runnen, fyrr Soli heve gladat, og det kann henda ſo mangt fraa Vogga til Gravi. Berre ei lit Uheppa, ein liten Motbyr, ſo misſa me Modet ſtrakſt, ſo orvonaſt me og gløyma baade Tru og Visſa. Nei hugſa paa Johannes og døme inkje.

Det var ein Vismann i Grekland, ſom ſkal hava ſagt til ein ſtorlaaten, rik og megtug Konge, ſom ſynteſt, han var den øvſte og lukkelegaſte av alle daudlege: „lova ingen lukkeleg, fyrr han er i Gravi ſi.“ Du er inkje trygg, fyrr Moldi fell paa Kiſteloket; daa vaknar du — til Doms.

Dei ſtørſte Pinſlarvitne, dei hava og havt ſine myrke Stunder, daa Tvilen er komen, ſkulde ſo me tru oſs betre? Nei me maa nog triva i vaar eigen Barm og ropa: „Gud ver meg arme Syndar naadig.“[11] Me lyt nog lyda paa dei Ordi, Frelſaren talar til oſs, naar han ſegjer: „vake og bede, at de inkje ſkulo koma i Freiſting. Anden er viljug, men Kjøtet er veikt“;[12] me maa nog „arbeida paa vaar Frelſe med Otte og Skjelving.“[13] Men ganga me ved det, at me er Syndarar, ſom tidt falla i Freiſting, ſom vera modlauſe, det minſte det myrknar kring oſs, ſom inkje hava nokor Æra fyre Gud, daa er det og Uppreiſing fraa Fallet at finna, ſoframt me vil ſøkja henne paa ſame Stad, ſom Johannes følte henne, hjaa Jeſu Kriſto, Guds Son, vaar Frelſar. Johannes gjekk til Jeſus, av di han visſte, at han var den einaſte, ſom kunde kækja. Og her ſyner han ſeg ogſo ſom Fyregangsmannen vaar. Fyrſte Gong er han Fyregangsmann, naar han preikar Umvending og Bot, for utan Umvending og Bot nyttar det inkje at koma til Kriſtus, utan Umvending og Bot gjevſt det inkje Frelſe, finſt det inkje Tru. Andre Gongen ſyner han ſeg ſom Fyregangsmannen, no daa han gjeng med Tvilen ſin til Jeſus Kriſtus og til ingen annan. Kom difyre, lat oſs og ganga til Jeſus med alle vaare Tvil, med alle vaare Spursmaal, han ſkal lækja. Det er ingen for laag, for det er nettupp dei laage, han vil reiſa, det er ingen for ſjuk, for det er nettupp dei ſjuke, han vil lækja, og er du for laak til at ſlæpa deg til Kyrkja, ſo veit du fulla, at han er at finna alle Stader, at han ſtend attmed Kvila di, berre du ropar paa honom med eit angrande og naadetyrſtande Hjarta, at han breider Armarne mot deg, kvar du fer, paa Veg og paa Fjell og paa Sjo. Sannelega han er inkje vand at finna. Og heve Djevelen fenget ſlik ei Magt yver deg, at du tvilar paa, at denne Jeſus, du les um i Bibelboki, er Kriſtus den Guds Son, ſo er det inkje onnor Hjelp fyre deg enn at ſiga i Kne og ſyrpja honom i Bøni: „er du den, ſom koma ſkal, elder ſkulo me venta nokon annan.“ Og daa ſkal han minna deg um Daupen ſin, um Ordet ſitt, um Nattverden ſin, og er du endaa tvihugad og hard, ſo ſkal han peika paa Gjerningarne ſine, ſo ſom han gjorde med Johannes og ſegja: „kven annan enn Guds Son kann gjera ſlike Gjerningar.“ Aa Gud er langtolug mot oſs, han ſlepper oſs inkje ſo ſnart, berre er Gneiſte av Von atter, ſo held han oſs; „han ſkal inkje brjota ſund ei kraſad Røyr og inkje ſlekkja ein rjukande Veik.“[14] Og i Bøni er det me ſkal ganga til honom og ſpyrja honom. Bøni er Bodberar millom Himmel og Jord, og denne Bodberaren han tarv inkje lang Tid til at gjera ſeg i Vegen, men han gjeng, kvat Tid du vil, og flyg fram likſo fljott, ſom du tenkjer. Og han finn Vegen, anten det ſo er myrkt elder ljoſt, og han kann bera Fred til deg baade ved Dag og ved Natt. Og um du bøygjer Kne ſom ein ſann, audmjuk Kriſten, gjeng ve,d at du er ein Syndar, ſom inkje fortener Guds Naade og bed, at du inkje maa falla ſom Johannes, ſo ſkal Jeſus Kriſtus reiſa deg og lata denne Bodberaren kviſkra deg eit Ord i Øyrat, ſom vil fylla deg med ſtor Gleda: ottaſt inkje! „den minſte i Himmeriket er ſtørre enn han.“ Merkelege Ord! det er nokon, ſom er ſtørre enn han, ſom alt til Kriſtus kom var den ſtørſte paa Jordi, og denne, ſom er endaa ſtørre, det er inkje nokon Greive elder nokon Konge, men det er du og eg, det kan vera den ringaſte Fatigmannen, ſoframt me kann ſegja med Sanning, at me høyra til Himmeriket. Korleides er det mogelegt detta? men det er Kriſtus ſjølv, ſom ſegjer det, ſo maa det fulla vera mogelegt og vera visſt. Jau, det ſtore Skil millom Johannes og oſs er, at han høyrde til det gamle Sambandet millom Gud og Jødafolket fyre Kriſtus, men me høyra til det nye Sambandet millom Gud og Kriſtefolket etter Kriſtus. Johannes hadde det i ſo Maate betre, enn dei gamle Profetarne, at han kunde peika paa Kriſtus og ſegja: no er han komen! men han fekk inkje ſjaa Kriſtus lida Soningsdauden fyre oſs, han fekk inkje ſmaka Velſigningi fraa Daupen og Nattverden hans, ſoleides ſom me no gjera det. Difyre er me ſtørre. Me kann ſlaa upp i Bibelboki og leſa um, at Jeſus Kriſtus, vaar Frelſar, er daaen fyre oſs og heve kroſsfeſtSkuldbrevet vaart, der han ſjølv vardt kroſsfeſt, me kann bera Smaaborni vaare burt aat Døypefatet og kriſtna deim i den trifalde Guds Namn, ſo dei fyllaſt av den Heilage-Ande, me kann bøygja Knei vaare ved Nattverdbordet, og njota Guds Likam og Blod under Brand og Vin, til at ſtyrkjaſt i all andleg Strid og Møda. Alle denne uendlege Rikdom av Naade og Velſigning kunde inkje Johannes faa, av di Kriſtus fyrſt laut lida Soningsdauden, fyrr Daupen og Nattverden kunde vera det dei no er, daa dei baade to er grunnlagde paa Jeſu Offerdaude. Kriſtus mæler ſoleides inkje Storleiken hjaa ein Mann etter den Givnad, han heve, etter det Modet, elder den Viljeſtyrken, ſom han ſyner i Livet. Kor ulikt er inkje dette Maalet fraa Verdi ſitt Maal. I Verdi gjeld ein fyre Storkar, naar ein kann kara ſeg fram til Magt og Æra; men i Himmeriket er der korkje Snakk um eigen Styrke elder eigi Verdſkyld, men den verd ſtørſt, ſom kann gjera ſeg ſo liten, ſo andleg fatig, ſo tom fyre all verdsleg Hug ſom mogelegt, for nett i det tome Kjeraldet er det, Gud kann fylla deſs meir.

Juſt detta, at Himmeriket ſlett inkje kjærer ſeg um verdsleg Klokſkap og Visdom og Starv, men ſegjer reint ut, at det duger inkje ſom Lykel til Himmeldyri, nett netta gjerer Kriſtendomen til Forarging fyre ſo mange. Mannen vil ſo gjerna bjoda fram nokot av ſitt eiget, vil ſo gjerna vera med i Guds Verk til Sæla hans, ſo myket han kunde faa litetvetta Verdſkyld han og, men Gud — nei han er ein ſtreng Herre ſoleides, han vil hava Æra fyre ſeg ſjølv, han vil, at Mannen ſkal ganga ved, at han er vorden bergad „utan nokor hans Verdſkyld, men eine og aaleine av Guds faderlege Godvilje og Miſkunn.“ Gud mæler Storleiken hjaa ein Mann etter Velſigningi, han gjev og kann gjeva. Sjaa no dei gamle Profetarne, dei var store, av di Gud fylde og kunde fylla deim med Spaadomsande um honom, ſom ſkulde koma; Johannes var ſtørre, av di Gud fylde og kunde fylla honom med Visſa um honom, ſom var komen, og me i Himmeriket paa Jordi, i den kriſtne Kyrkja, me er dei ſtørſte, av di Gud fyller oſs og kann fylla oſs med ſine himmelſke Gaavor fraa Ord og Sakramente. Kor takkſame maa me daa inkje vera, at me er fødde og uppalne i dette nye Sambandet, ſom gjerer oſs ſtørre enn Johannes, men for eit Andſvar ligg det inkje ogſo i detta til at nytta Herrens Gaavor flittelega og rettelega. Og ſo er det ein Ting, ſom ein vel maa gjeva Gaum etter. Her ſtend, at den minſte i Himmeriket er ſtørre enn Johannes. Du maa ſoleides vera i Himmeriket, fyrr du kann vaaga deg til Likning med honom, det nyttar inkje utan. Og det nyttar helder inkje at hava voret i Himmeriket, nei du lyt vera der. Kor mange er det inkje, ſom hava voret i Himmeriket! Ja me hava alle voret der, daa me ſom Smaaborn vardt borne fram til Daupen, men kom mange er det vel, ſom er der? Kor mange er det inkje, ſom hava miſt Trui baade paa Guds Ord og Daupen ſin, ſom liva i Synd og Villa, ſom ſkjemma Kriſtennamnet ſitt, av di dei berre gjera det til eit tomt Namn; ſom kannhenda tenkja, at Gud ſer deim inkje, elder at han inkje er ſo ſtreng, ſom Preſten ſegjer. Og kor mang eer det inkje, ſom liva utvertes reint og ulaſtelegt, ſom korkje ſvika elder gjera Næſten Urett, men ſom hava kaldt desſe maa inkje treda fram og ropa: „me er ſtørre enn Johannes Døypar,“ dei høyra inkje med til Himmeriket, for det er inkje Namnkriſtne, Gud vil hava, og ſom han let upp fyre, men det er Gagnkriſtne. Difyre agta deg, at du inkje trur deg ſjølv ſtor, for daa er du paa ein farleg Veg, men ver audmjuk av Hjarta, og kjenn deg ſjølv liten, ſo liten, at du ſyneſt inkjevetta kunna til din eigen Frelſe, men maa taka alt ſom ei Naadegaava av Gud, daa ſkal Kriſtus ſegja til deg, (for ſjølv vaagar du inkje ſegja det), at du er ſtor ſtørre enn Johannes Døypar var. Og endelega for ei Trøyſt ligg det inkje i detta, at den minſte i Himmeriket er ſtørre enn Johannes Døypar. Me er ſtørre, av di me hava fenget meir, Daup og Nattverd, høyrde me, men nett desſe Gaavor me hava fenget, gjera oſs og dubbelt ſo ſterke til at ſtanda mot kvar Freiſting. Jødarne, ſom og Johannes høyrde til, dei hadde inkje ſlik ei Kjelda, der dei kunde drikka ſeg til Styrking, naar Saali var tyrſt; dei hadde Guds Ord um honom, ſom ſkulde koma, men inkje Sakramente. Og eg kann ſpyrja kvar og ein: korleides vilde de vera hugade, naar dei tok Daup og Nattverd burt ifraa Kyrkja? vilde de inkje ſynaſt, at no hadde de miſt beſte Styrkemidel mot all dagled Strid og Stræv? at eit Band var ſprunget, ſom heldt Hjartat faſt til Gud? Saa maa me daa vera uendleg takkſame mot Gud, at han inkje berre heve gjevet oſs ſitt velſignade Ord, men og gjevet Daup og Nattverd, der han paa ein underleg, løyndomsfull Maate velſignar og ſtyrkjer oſs, og inkje døma Johannes og hine gamle Jødar, fyredi dei hava havt ſine myrke Stunder av Tvil. Og ſo lyt me vera frihugade i all Freiſting, og hugſa paa, at Gud aldri freiſtar oſs meir enn me kann tola, og at han kann ſtyrkja oſs i Striden vaar langt betre, enn han kunde gjera med Johannes. Ottaſt difyre inkje, um Ulukka paa Ulukka kjem veltande inn paa deg ſom ſvarte Bylgjor paa Sjoen, for Gud i Himmelen veit det, han ſer deg, og han held deg. Elder trur du, at Armen hans er ſtuttare no, enn han var, daa det raude Havet ſtod ſom Murar paa baade Sidor, medan Jødefolket gjekk turrſkott yver, elder daa han let Storm og Jordſkjelv og Eld fara framfyre Augat til Elia? Nei han ſer og han vakjer; det minſte Flyet og den minſte Blomen og den ſtørſte Mannen dei gjøyma ſeg alle under Bengjorna til hans Kjærleike.

Brøder og Syſter i Kriſto! Me hav ano ſet eit Bilæte av Johannes Døypar, og me hava og ſet, kvat me kann læra av dette Bilætet. Han var Fyregangsmann, og naar Herren er komen, ſo heve ein ſom tidaſte inkje Bruk fyre Fyregangsmannen lenger. Heve daa Kyrkja, og hava daa me inkje Bruk fyre Johannes? Jau visſelega. Han ſtend i Dag, og han ſkal ſtanda i all Æva med den manande Fingren ſin lyſt mot oſs, peika paa Jeſus Kriſtus og ſegja: „vend um, vend um! gakk til honom det Guds Lamb, ſom ber Verdi ſi Synd!“ Brøder og Syſter, me trenga nog um Maning, me vil ſo gjerna ganga alle andre Stader enn til honom, me vil ganga til vaar eigen Styrke, til gode Vinder, til megtuge Folk, til deim ſom Pengar eiga, og me tenkja inkje paa, at alt detta kann Ulukka elder Sjukdom elder Daude riva burt i ei einaſte Natt. Og me vil ſo naudlega ganga den ſmale Vegen gjenom Graat og Sukkar og Liding og Strid og Spott, men me fylgja ſo gjerna med Straumen, ſom gjeng lett og leikande radt til Helvite. At daa Johannes maatte ſtanda paa Vegen, ſtogga oſs med Handi og ropa! „vend um, vend um! og gakk til det Guds Lamb, ſom ber Verdi ſi Synd!“ at me maatte lyda paa desſe Ordi hans! Me ſkal no til at halda Jolahelg. Gjev me daa alle maatte bjoda Fyregangsmannen Johannes til Gjeſt, at han kunde rydja i Hjartat vaart og ſjelga i Stova vaar til at taka imot deg Herre Jeſus Kriſtus. At me inkje med Svir og Drykk og Banning og Nattarlauping maatte ſkjemma den Helgi, daa du kom til Verdi, men ſtendigt ſjaa fyre Augat vaart honom, Fyregangsmannen, ſom ſtend der ſtreng med Krosſen i Handi, manar til Bot og Bøn og peikar paa Jeſusbarnet i Vogga. Ja vaar Herre og Frelſar! bøyg vaart harde Hjarta, at det vender ſeg til ſeg, ſom eine heve Frelſe i Fanget. Lat oſs alltid kunna fylgja den varande Fingren til Johannes, han ſom i ſin myrkaſte Time inkje visſte annan Stad at ganga enn til deg Herre og Frelſar! Og gjev oſs ſo alle ei velſignad Jolahelg!

Amen, i Jeſu Namn! Amen!

</div>


  1. Joh. 6, 68.
  2. Luk. 1, 5 fg.
  3. Luk. 3, 2 fg.
  4. Math. 3, 13 fg.
  5. Ef. 53, 4. 5.
  6. 1 Moſ. 3, 15.
  7. Joh. 1, 20.
  8. Joh. 1, 34.
  9. Math. 3, 17.
  10. Marc. 9, 24.
  11. Luk. 18, 13.
  12. Math. 26, 41.
  13. Phil. 2, 12.
  14. Math. 12, 20.
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt