Fyrestev

Fra Dikt

Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

So ymse Folk eg kjenner til,
som hava Hug til aa kveda;
og faa dei nokot, som høva vil,
so hava dei rett si Gleda.

Men strengt um Stevet døma dei,
og Fusk er faafengt aa bjoda;
til klena Visor dei segja Nei,
dei ropa berre paa goda.

"Kom med Visor, og helst av deim,
som kvika og inkje krenkja;
slikt som høver vaar eigen Heim,
og slikt som me sjølve tenkja."

"Den, som laag og liten er
og tidt med Spottord stungen,
han lettnar, naar han høyra fær
sin eigen Tanke sungen."

"Kom med nokot, som vekkjer Mod,
D'er nog av Tvang og Trengsla.
Ei liti Hjelp var fulla god,
naar Hugen stend i

Heppen var den, som hadde Dug,
til slike Vers aa kveda,
at dei, som høyrde, fekk same Hug
og kjende same Gleda.

Heppen den, som var so hæv,
at slik ei Gaava han aatte
og kunde gjera so gilde Stev,
at Folket læra deim maatte.

Eg heve freistat so einkvar Gong,
um sjølv eg Stev kunde gjera;
men sjeldan fekk eg so min Song,
som helst han skulde vera.

Difyre legg eg so litet fram;
eg vil ikkje Tidi spilla.
Det skal ikkje verda so lang ein Glam:
eg vil berre Harpa stilla.

Symra teiknar til Sumars Bil;
um Vaaren tidla ho blømer;
men fleire Blomar maa koma til,
naar Kulden or Markom rømer.



Hentet fra «http://dikt.org/Fyrestev»
Personlige verktøy
dikt etter stikkord
sanger
om nettstedet
Forbindelse
Språk
Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

Ukryptert forbindelse.
SSL
Klikk her for å kryptere forbindelsen


Norsktoppen
IPv6

Dikt og kultur:

Blogger:

Norske søkemotorer:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt | gratis blogg | møt en partner