Gløymska

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

av Ivar Aasen

Det gløymest allting med Tidi av;
rundt um oss Gløymingi lurer.
Ein Mann or Huset fer til si Grav,
og Huset syrgjer og sturer;
men um ei Stund i det same Hus
er Leik og Gaman og Staak og Sus,
All Sorg og Sut er sopad ut,
og Gløymska vinner paa Minnet.

Det vaknar stundom ein ofsa Strid;
han gjeng med ymise Vende;
dei rosa Vinningen kvar si Rid,
so ingen ser nokon Ende.
Og Hopen bisnar og lyder paa
og røder um det i kvar ei Kraa.
So døyr det av med alt sitt Kav,
og Gløymska vinner paa Minnet.

Ein Diktar seter ei Bok i Hop,
som store Skifte skal gjera;
han skal no koma i slikt eit Rop,
at aldri gløymd han kann vera.
Men Minnet varer eit Aar og tvau;
det varer knapt inntil seks og sjau,
til tjugo Aar det aldri naar;
for Gløymska vinner paa Minnet.

Um kjærleg Hug var det stundom sagt,
han aldri skulde faa Ende;
og endaa gjekk det no sidan skakt,
so Hug til Vanhug seg vende.
Men endaa trur eg no helst uppaa,
at Elsken vara til Enden maa.
Der vil eg snu og ikkje tru,
at Gløymska vinner paa Minnet.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt