Grenader Nr. 23

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Telemarkske Regiment.

Hans namn i Soga finnest
blant Menn av fyrste Slag,
ved Killingmo - eg minnest -
det var hans Heidersdag;
der ser dei Guten strida,
til han i Marki fell,
med Karar attmed Sida
som Løitnant Schleppegrell.

Fraa Fetsund Weiby stemner
imot ein Greive-Fark
- dei Mørner Namnet nemner -
med Tropp av «Telemark»;
han breidde byrg med Magen
den Greiven høg og gjil':
«l Oslo «Tredjedagen»[1])
jag Frukost äta vil»

I Urskog, frampaa Moen,
der small det Skot i Skot,
for Norsken brann som Gloen.
no hadde «Teft» han faatt:
men best som Byrsa dunde,
dei saag ein Unggut staup
og høyrde tungt han stunde,
med Blod fraa Hjassen draup . . .

Dei vil den Særde taka,
men høgt so gjeng hans Barm,
han vinkar deim tilbaka
og ropar yr og varm:
«Gakk paa no, norske Gutar,
so skyldar kvar ein Mann
- i Blod han Panna lutar . . . -
mot Konge og mot Land!».

No siste Storm dei rende
og «fram!» i Hornet bles,
med Kula Dauden sende,
so Svensken laup i Snes;
lik Foss um Vaaren fløymer
eit «Hurra!» høgt i Kor
mot Teleguten strøymer,
som ligg paa vaarkald Jord.

Ein Sylvkross paa si Bringa
han tidt i Kyrkja bar,
i Silkeband det svinga,
fraa «Gustenborg» det var!
Ja, vil oss nokon truge,
og kjem det atter Stri',
daa minnest «triogtjuge»
av Weibys Kompani.

[rediger] Merknader

  1. Tridje Dag Paaske.


Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt