Gumlemaal

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Maal kved Gumle
um Gamle-Æva.
Daa raadde Risar
Heims-Ringen.
Natti laag
nifs yvi Land.
Inkje Maane.
Inkje Stjernur.
Norskin braga
um breide Brè.
Dal og Dokk
i Duld drøymde.

Godt var daa
i Leik gange,
Berg sprengje
og Eld sprute,
Storm reise
og Hav røre,
Is tumle
med Tore-Dunder.
Godt, godt
i Strid gamast
Ragg rive
og Rygg brjote,
Skallom skurast
og Hornom hoggast,
med Klo klorast
og Øyro klaa.

Godt, godt
aa dauv døse.
Lat i Logn
Labb live.
Yrkjeslaus
inkje anse.
Mett og maggin
sova i Mak.

Aldri Uro
av ljose Eimar.
Aldri Sol
i saart Auga.
Ingin Vokster
i vide Dalar;
ingin Os
av Aare-Eld.
Dag sov
Daude-Svevnen.
Rim kvitna
um Rise-Heimar.
Land laag i Logn,
Rike i Ro.
Tidi stod.
Alt tagde.

Au! Au!
Øydest Alder.
Aa! Au!
Utid veks . . .
Alv vaks.
Æsir kom,
Sol vakna;
Dag vigdest.
Ned seig
Nivlheims-Natt.
Oll var
Rise-Æva.

Vinter leid;
Vaar vermdest;
Is flotna.
Foss fløymde
Gror grodde;
Grønt grodde;
Skog tettna
i Taake-Lidir.
Mennar vaks.
Møyar vaks.
Eld eima
paa sota Aare.

Staal skar
skrinne Voll.
Fram seg grov
grønkande Grendar.

Sol seig,
Sol steig;
Dag raadde
Heims-Ringen.
Tid tøygde
lange Tankar,
meda Maal
og Raad og Rekning.
Ufred! Ufred!
Aand! Aand!
Merk, Ungdom,
Skilje-Ordi!
Alt av Aand
vill upp og fram.
Alt av Troll
vil trygt sitja.

Jutull gjæse
i Berg gøymdest;
Kraup i Kraa
lite kry.

Duld under Stein
han Dag banna;
nytta Natti
til Nids verk.
Vaar han døyvde
med Vintergufsar.
Løyste Fonn
og følt Fok.
Grov ned Grenda
i Aur og yre.
Velte Stein,
stuva Is.
Stogga, stengde
med Mur og Myrker.

Sky og Skodde
for Soli skaut.
Rot reiv.
Rørde hav.
Vinter vekte,
Fimbul-Vinter.
Men Sol spratt.
Sprengde Skodd.
Braut Is,
brædde Snø.

Tinte, tekte
med Gras grøne.
Nytt leika Liv
um alt Land.
Ny skaut Skog
med sval Skugge.

Ein for ein
øyddest Ætti.
Sprakk for Sol.
Stokk i Stein
for kvervin Hamar
og kvite Krossen.
Ein og ein
etter sìt,
bundin i Berg,
bannar Dagen.
Andre, blautare,
Blod blanda,
skjemde Ætti
med Skams Gifte,
megdest med Menn,
avla med Alv.
No er Haugtroll
i Rike Hovding.

Modlaus og mødd
Minkar Lyden,
smyg smaatt,
og jamt smærre.
Lite er att
av Alders Ætti;
øydt er det gamle
Graasteins Grjot.

Høyr meg, Unge
at Hat de lærer!
Gjæse Jøtun
maa Hjelp laane.
Lag halde
med Lurvekryp,
Fark og Farre
or Fuskeheimar,
Gand-Mennar
og Galdre-Kònur.
verste Herk,
som Verdi visste,
Svivesvansar
med Svartebøkar,
ikkje Troll,
ikkje Menn.
Hu! Hu!

Graate-Tidir;
Hu! Hu!
Gremje-Tidir!
Og av alle
øvst raader
Svarte-Vimsen
or Svaavel-Lande,
Halte-Fanden
med Hestehoven,
halvt Primar
og halvt Prest;
honom Herre
me no maa hylle;
han raar
Rise-Rike.

Upp alle
med Yngd i Blode,
upp, Vaa'ar,
for Jøtun-Velde!
Ingin Rise
i Ro røyste,
fyrr av høge
Loft-Himil

Soli raude
er ned rìvi
og alt roast
i Ragnaròk!
— — — — — — —
— — — — — — —

Det snufsar stundom i myrke Ro
med Higst og underleg Hæsing;
det tøygjer med Arm, det krafsar med Klo;
daa skrik det med Snerr og Fræsing:
«Uhu! her luktar Kristinmanns Blod!»

Ho raadlaus Armane slær i Kross
um Bringa som folnar og stivnar . . .
Fram bryt eit Brak som av Sjø og Foss,
og Dagen ikring henne livnar.
— Aaleine ho sìt under Skare-Aas.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt