Håvamål 01 I

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

I.I

1

Augo du bruke
før inn du gjeng,
i kot og i kråom,
i kot og i krokom.
For d'er uvisst å vita
kvar uvener sit
føre din fot.

2

Sæl den som gjev!
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess åt seg?
Brå vert den
som på brandom skal sitja
og føre ærend fram.

3

Eld han tarv
som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.

4

Vatn og handduk
han ventar å få,
når til bords han vert beden.
Syn godlaget fram,
så greileg du kan,
med ord og attbeding.

5

Vit han tarv
som vidt skal fara;
d'er mangt heime høveleg.
Til bisn han vert
som veit for lite,
når han sit med kloke folk saman.

6

Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver håvar i hug.
Når du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje brått i beit.

7

Grannvar mann,
til gjestebod komen,
teier med andre talar.
Lyder med øyro
og med augo skodar,
veltenkt og føre var.

8

Sæl er den
som seg mun vinne
fagre ord av folk.
Endå det er
ymist med det
du eig i annan manns barm.

9

Sæl er den
som sjølv mun eige
livsens hugnad og heider.
For ofte hev menn
ille råder
aust or barmen hjå andre.

10

Betre byrdi
du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.
D'er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmans trøyst.

11

Betre byrdi
du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.
Med låkare niste
du legg kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

12

Inkje så godt
som godt dei seier
er øl for manne-ætt.
Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

13

Gløymsle-hegren
over gildet sit,
han maktstel mange.
I fjørene hans
eg fjetra vart
i garden hjå Gunnlåd.

14

Øren vart eg
og ovdrukken
hjå den frode Fjalar.
Best er gildet,
gjeng du ut att
heil i sinn og sans.

15

Klok og tagal
skal kongsson vera,
frøkleg gange han fram.
Gladvær og fjåg
kvar gut skal svive
til sin døyande dag.

16

Ein stakkar tykkjest
han støtt må leva,
når han strid mun sky. Men alderdomen
gjev ingen mann fred,
om spjut honom sparde.

17

Kopen glanar
når til gilde han kjem,
fumlar fåmen og mullar.
Så snart han ein slurk
av skjenken fær,
då utan stans han sullar.

18

Han eine veit,
som vide reiser
og om mellom folk hev fari,
kor vel sin hug
han held i taum,
kvar som veit kva vit er.

19

Spar ikkje mjøden,
men med måte du drikk;
sei det som tarvst eller tei!
Ikkje nokon
neise deg kan
for du tidleg vil kvile om kveld.

20

Ov-etar, om han
ikkje seg sansar,
et seg heilt i hel.
Mang ein tull
vert for magen sin
til lått mellom kloke karar.

21

Bølingen veit
når frå beite han skal
koma heim om kveld.
Men ovnøyta, ho
aldri veit
å høve mage-mål.

22

Vesal-mannen
og meinkroken
alltid lastar og ler.
Ikkje han veit
det han vita turvte:
han sjølv hev last og lyte.

23

Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både opp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.

24

Vanklok mann
trur vel om alle
som hugblidt mun helse.
Ikkje han ser
at dei snaror legg han,
når han sit med kloke saman.

25

Vanklok mann
trur vel om alle
som hugblidt mun helse.
Det ser han fyrst
når til tings han kjem:
av frendar eig han få.

26

Vanklok mann
veit alt, han trur,
der mellom bergi han bur.
Men når framandfolk
honom finn,
rådlaus røynest han då.

27

Vanklok mann
som vankar ute,
det er tryggast han teier.
At lite han veit,
det varest ingen,
utan for mykje han mæler.

28

Frod den tykkjest
som frega kan
og sjølv etkvart seia.
Ikkje nokon
av løyner det
som ut er ført mellom folk.

29

Ovnøgdi mæler
den som aldri teier,
bort i hyr og heim.
Ei radmælt tunge
som låkt er tøymd
ofte seg ugodt gjel.

30

Til narr skal ingen
ein annan hava,
om på gjesting han gjeng.
Ofte trur seg klok
den inkje vert spurd,
når trygt i ro han ruggar.

31

Tykkjest gjest klok
som tek til sprangs,
når i gilde han gjest hev hædt.
Han veit ikkje fullvel,
den som flirer i laget,
om han ikkje range folk råkar.

32

Mange gode
grannar du finn
som alltid må antrast i gilde.
Opphav gjerest
til ævleg strid,
når gjest er rang imot gjest.

33

Ein dugleg åbit
skal du eta jamleg,
når du på gjesting vil gange.
Då slepp du sitja
svolten og kei,
så du maktar lite å mæle.

I.II

34

Omveg er jamt
til utrygg ven,
om midt i bygdi han bur.
Men beinvegar gjeng
til den gode venen,
om han er langt av lei.

35

Gange skal du,
gjest ei vere
alltid på einom stad.
Ljuv vert lei
som lenge sit
kyrr på annans krakk.

36

Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hev du geiter to
og ein tausperra sal,
då tarv du ikkje tigge.

37

Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hjarta bløder
når beda du skal
om mat til kvart eit mål.

38

Våpni sine
skal mann på vollen
ikkje gange eit fet ifrå.
Uvisst er å vita
når pùå vegom ute
det spørjast kan etter spjut.

39

Ingen så gjevmild
og gjestmild eg fann,
han tok ikkje gåvor og takka.
Eller så gjev-sæl
med godset sitt,
han ei lika med løn du takka.

40

Eigni di,
som du avla deg hev,
treng du kje spara for deg sjølv.
Tidt til leie folk gjeng
det til ljuve var tenkt,
mångt verre gjeng enn ein vonar.

41

Med våpen og klede
skal vener gåvast,
det vert på dei sjølve synt.
Likt gjevande
lengst er vener,
om elles alt seg lagar.

42

Venen sin
skal ein vera ven
og løne gåve med gåve.
Til lått skal mann
med lått svara
og møte ljuging med lygn.

43

Venen sin
skal ein vera ven,
honom og hans ven.
Men med uvens ven
venskap halde
høver kje fagna folk.

44

Veit du ein ven
som vel du trur,
og du hjå han fagnad vil få:
gjev han heile din hug
og gåva ei spar,
far og finn han ofte.

45

Veit du ein annan
som ille du trur,
og du fagnad vil likevel få:
du fagert mæle,
men falskt tenkje,
og ljuging møte med lygn.

46

Eit ord til om den
som ille du trur
og ikkje kan lit til leggje:
le skal du med han
og låst vera ven;
lik vere gåve og løn.

47

Ung var eg fordom,
eg einsaman f¢r,
vegvill då eg vart.
Rik eg tottest
når eg råka einkvar;
mann er manns gaman.

48

Milde, modige
menn lever best,
dei el seg sjeldan sut.
For alt ottast
udjerv dreng,
gjerug gryler når han fær.

49

Kledi mine
kasta eg til
tremenn to på voll.
Kaute karar
med kledi dei vart,
neist vert naken mann.

50

Turkar toll
som i tunet stend,
det hjelp' korkje bork eller bar.
Så er kvar mann
som kjærleik vantar,
kvi skal han lenge leva!

51

Heitar' enn eld
brenn hjå ille vener
fagnad i fem dagar.
Men det sloknar
når den sjette kjem,
då all venskap versnar.

52

Ikkje tarv gåvor
så gilde vera,
ein ofte fangar lov for lite.
med ein liten braudleiv
og læta i staupet
eg fekk meg ein felage.

53

Brand brenn av brand
til brunnen han er,
loge kveikjest av loge.
Ved rødor ein mann
med menn vert kjend,
hen vert dott ved å dølja seg byrg.

54

Grunne sjøar
og grunne sandar,
og d'er grunt i hugen hjå mange.
Du ingen stad alle
jamkloke finn;
all stad er det båe slagi.

55

Måteleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
For sjeldan er hugnad
i hjarta å finne
hjå honom som ovklok er.

56

Måteleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
Lettast er livet
å leva for den
som vel noko veit.

57

Måteleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
Sin lagnad ingen
øygne føreåt,
då er han sælast i sinn.

I.III

58

I otta du rise
vil du rikdom taka,
og vil du folk felle.
Sjeldan liggjande ulv
lammekjøt fær,
eller sovande mann siger.

59

I otta du rise
hev du onnfolk få,
og gange og garden din vitje.
Mangt øyder mann
som om morgonen søv;
rask er halvveges rik.

60

Mål på turrved
og tekkjenever
lyt mang-mannen vita;
kor stor ein ved-kost
som vara kan
heile halve året.

61

Tvegen og mett
ride mannen til tings,
om han og klent er kledd.
Korkje brok eller skor
skjemmer nokon,
og heller ikkje hesten,
om han er låk.

62

Kurer og sturer,
til sjøen komen,
ørn ved utgamle hav.
Slik er den mann
mellom mange folk
som eig frendar fåe.

63

Frega og tala
den frode skal,
om vis han heite vil.
Det ein veit,
er utrygt hjå to;
det tri veit om, det veit alle.

64

Makti si må
ein mann med vit
hovsamt og høveleg bruke.
Jamt han det finn
når hjå frøkne han kjem,
at ingen er aller best.

65

Aktsam og gløgg
ein alltid skal vera
og varsam i venelag.
Dei ordi som du
til andre seier,
fær tidt du trega sårt.

66

Mykje for snart
mangstad kom eg,
sumstad kom eg for seint.
Ål var drukki,
ubrygt sumstad,
sjeldan kjem lei til lags.

67

Stundom til bords
dei bedi meg hadde,
om eg ikkje trong mat til måls;
eller to kjøtlår hekk
hjå den trugne venen,
der eg eitt hadde eti.

68

Eld på åren
og sol på eng
er best for mannsens born,
helsa si
å hava heil
og lytelaust å leva.

69

Endå ver kje vonlaus
om hu veiknar, helsa;
sume av søner fær sæle,
sume av frendar,
sume av fe-eign,
sume av velgjort verk.

70

Betre å leva
enn livlaus vera,
kvik fær alltid ku.
Bål for rikmannen
brenne eg såg,
lik føre døri låg.

71

Er du halt, kan du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kan du duga i strid.
Blind er betre
enn brend å vera;
daud mun ein lite duga.

72

Son er kjærfengd,
om seint komen,
etter faren f¢r.
Sjeldan bautasteinar
nær brauti stend,
utan frendar fekk dei reist.

73

Av to i ein her
er tunga hovuds bane.
Fram or kvar ei kufte
kan det krjupe ei hand.

74

Den prisar natti
som nista si trur,
stutte er skips rær;
hastig er haustnatti;
på fem dagar er det
så ymist med v?ret,
og endå meir på ein månad.

75

Aldri han trur det,
som ikkje det veit,
kor folk vert galne for gull.
Ein er rik
og ein annan fattig,
legg det kje honom til last.

76

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet om deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

77

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom om daudan kvar.

78

Eg såg fulle grindar
hjå Fitjung-sønom,
no ber dei sekk og stav.
Rikdomen er
som ein augneblink,
du fær kje meir vinglut ven.

79

Hjå fåvis mann,
om han fe seg vinn
og ynde og elsk hjå kvende,
byrgskapen veks,
men vitet hans ikkje,
og ovmodet aukar drjugt.

80

Sant det røynest
som i runer er sagt,
dei frå høgdi runne,
som gudemakter gav
og som stor-tul skar,
trygt hev det han som kan teia.

81

Om kveld skal du dagen rose,
kona når ho brend er,
gjenta når ho gift er,
geiren når han røynd er,
is når du over kjem,
øl når det drukki er.

82

I stilla skal du sjøen ro,
skog i vind felle,
med møy i mørker svalle;
mange er dagsens augo.
Skip skal fram skride,
skjold skal live,
sverd gjev kvasse hogg,
kyssar gjev møyi.

83

Ved elden øl du drikke,
og på is du skride,
merri mager kjøpe
og mørke sverd,
hest du heime feite,
og hund på garden.

Håvamål