Høgferd

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

av Ivar Aasen

Alt det som no skal duga, det lyter vera stort;
for upp i Høgdi vilja no alle Folk so fort.
Det teiknar til, at alle den same Hugen faa
aa fara som dei store, og inkje som dei smaa.

Dei unge gilde Gutar dei tykkja, det er ilt,
at andre Land skal hava so ofsa myket gildt,
at Folket der kann skrøyta og kosa seg so godt
og skræma sine Grannar og hava deim til Spott.

Det er ein Harm aa høyra ifraa eit annat Land,
at der er større Rikdom og alt i større Stand.
Det er so vondt aa vita, at ut i Landet der
skal vera større Byar og større Hus en her.

Ja, der er Husi høgre med fleire Fargar paa
og myket større Salar i Husom til aa sjaa
og fleire Folk i Gata og myket større Skraal
og fleire stora Bøker og frægare Maal.

Der er det fleire Kjolar, og ny er kvar ein Klut;
med halvtaars-gamle Klæde fær ingen ganga ut.
Der er det fleire Fruer, som pryda kann sin By
med myket større Stakkar og finare Ty.

Der ut i andre Landet dei kunna halda Lag
med Drykkjer og med Retter av mange hundrad Slag
og standa stolt um Bordet og drikka si Skaal
med dundrande Talar i eit sprikjande Maal.

Ein Arming er no inkje den rike Mannen lik,
men endaa kann han braaka og laast vera rik;
og skurar han seg upp, er han lika blank aa sjaa,
for Kroppen er vel jamgod, naar Klæde koma paa.

Det er den største Gleda, ein liten Fyr kann faa
at han slepp upp i Høgdi, so Folk maa honom sjaa;
og kjem der so ein framand og rosar honom gildt,
so verd han so stolt, at han reint løyper villt.

Kven kann so undrast paa, at det feller honom kjært
aa læra slike Ting, som dei rike hava lært,
aa drikka same Drykken og gjera same Skraal,
aa bera same Klædnad og læra same Maal.

Den Sida, som snur ut, er no den, som alle sjaa,
og det som er inn under, det ser no ingen paa.
Og sjaa me ut som Herrar, so faa me Herre-Rom,
so lenge til det syner, at Pungen han er tom.