Høgskotten

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

(Minne fraa Edinburgh Castle).

Sjaalegt fraa dei stolte bastionar . . .
Bretlands «Roma» ligg her for min fot;
fraa kaserna sekkjepipa tonar,
set i høglands-guten hermanns-mod!
Byrg han er av ervde fedra-bunad
- «bondeklædd» gjeng tidt ein bymanns son
i sin heim, ved gjestebod og truna
og i kvar ein gamall bataljon.

Enn i æra held dei Skotlands løva,
raud ho stend som fyrr paa gyllte grunn,
den fekk ingen skamdjerv uven røva,
enn ho hev si kvasse tonn i munn.
Skotske folk, du kann ein ting oss læra,
agta eiget maal og eigi sed,
slaa oss fram til det, eit foIk skal vera,
um me so skal velja strid for fred.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt