Halsnøy!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ja, no hev eg vore paa Halsnøy,
med Minne fraa gamall Tid,
der vænt er aa liva, vænt aa døy,
for Bygdi ho ligg der so frid,
og Fjellradi mot deg med Dis i det blaa,
der Fjordarne glitrar, so langt du kann sjaa . .
ja, friskt og fagert er Hordaland
med lauvklædde Lider langs Strand!

Ja, no hev eg vore paa segnrik Grunn,
der Klosterklokkur i Kor
med Songen seg blanda i Morgonstund
og signa det heilage Ord;
eg bøygde mitt Hovud ved Murarne graa
- dei Vitni um Kjærleik og brennande Traa -
og Krunorne svaga i haustleg Sus
yv' Bogarne, signe i Grus

Du Skule som, tufta paa heilnorsk Grunn,
oss helsar fraa Strandi idag,
lat Songarne ljoma ved blenkjande Sund
og alt ha sitt heimlege Lag;
paa Nordmanna-dygder du verte eit Prov,
du Blom etter Fræet aat Juell og Konow,
syn Leidi til Fagnad for Mann og Møy,
du Kjerte paa Halsnøy!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.