Han Lars i Lia

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk
av Arne Garborg, skrevet i 1883

Aa nei; han rid ikkje den Dagen han sâlar, den Mannen. Er det noko som skulde
vera gjort - det kann vera Løo hans som treng Vøling paa Take eit Par Stadir -,
so fær han no først sjaa daa, maa'ta. "Me fær no sjaa daa," segjer han Lars i
Lia. Og han ser. Og ser. Baade vel og lengi.

Naar han tykkjer han hev sét nok, segjer han med seg sjølv: "Ja; eg fær vel
snart ta til so smaatt no aa .... tenkje paa det."

Han tek til aa tenkje paa det. Tenkjer so smaatt eit Aar eller tvo. M-æ-ah!
Geisp. "Hja. So fær me no vel snart tenkje paa aa . . . ta til med det daa,"
segjer han Lars.

Han tenkjer paa aa taka til med det. Tenkjer lengi. Tenkjer og tenkjer, til dess
det er for seint for i Aar. Jah! aah! Geisp. So fær det vera til eit anna Aar
daa.

Han drygjer til eit anna Aar. Men no lyt det no full' bi daa, maa'ta. Han tek
seg paa Tàk. Og gjer upp, med seg sjølv, at no skal det bli. Hunden rugge meg
skal det so ja; no banna han Lars. For dette ber ikkje til lenger. Det er for
gali; Løo rotnar snart ned. Og Høye ligg og vert utskjemt i Staen Aar etter Aar;
det duger ikkje paa den Maaten. Ein maa halde sine Ting i Stand, vil ein greide
seg. Etter denne Avgjerdsla kviler han i tri Vikur. Det duger ikkje aa forhaste
seg. Alt maa ha si Tid, maa'ta.

Endeleg kjem den Maandags Morgonen daa han skal til med Arbeide. Men; hev du sét
slikt. Det vert til det, at han forsov seg so ille den Morgonen. Han kann ikkje
ha vori skikkeleg frisk i Dag. Geisp! - Nei men rett so harmelegt som det var,
lell. Ja daa kann det lite nytte i Dag. Ikkje er ein skikkeleg i Lag heller,
naar ein ikkje fær byrja i Tidi.

Jaja, Geisp! - ingi Raad med det; det lyt vera til i Morgo daa. Eller til ein
Dag ut i Viko. For det er so rart med det; det er som det fell seg ikkje rett aa
byrja med eit Stor-Arbeid paa ein Tysdag. Og jadden hev dette vorti til eit
Stor-Arbeid no.

Torsdags Morgonen ris han upp i Otta; ein maa hava Dagen for seg, skal ein koma
nokon Veg. Aah! han strekkjer seg. Geispar. Dreg paa seg Broki; geispar tvo
Gongir. Gjeng burt aat Glase og ser paa Vêre; hmja; det er alltid noko paa Voni
med Vêre i Dag, sjaaande til. Det er ikkje godt aa vìta koss han kann bli, naar
det lid fram paa Dagen, nei. Det er ikkje det, nei. Ne-ei. Men det fær no vaage
seg daa. Hev han Lars i Lia fyrst sett seg noko fyri, so er han beiskede ikkje
den Mannen som gjev seg. Det er han ikkje, nei.

Han fær paa seg den eine Skoen. Fær paa seg den andre med. Ser ut gjenom Glase
ender og daa. Ja neggu um han ser noko vidare fjelg ut til Vêrs, nei!
No lyt Lars ut og sjaa um Merri. Daa han hev stelt den, lyt han inn og faa seg
noko Mat sjølv au, maa'tta. Det er noko som lyt til det med; ja-men er det so.
Den som skal ut paa Torv og Stein maa ha seige Sìnar og Merg i Bein; Maten maa
til, san.

Endeleg er han ferdug. So er det berre ei Pipe daa. Det hev seg ikkje aa gaa paa
Stor-Arbeid, naar ein ikkje hev fengi seg ein litin Røyk.
Han finn fram or Vestelumma ein Mòle Tobakk. Tek Tòlekniven or Slira. Finn seg
ein litin Bordstubbe til aa karve paa. Sèt seg attmed Aaren. Karvar Tobakkje.
Stappar Pipa. Tek Eldtongi og finn seg ei Glo. Vil kveikje.

Nei; so er Pipa tett. Han gryler. Grev or ho att. Reinskar ho. Finn seg eit
Storrgras upp-i Hylla og sting ho upp. Stappar i att smaatt og varlegt; finn seg
ei ny Glo. Og no gjeng det. Mpah, mpah, mpah... alltid skal her vera so mykje
Heftingar. Mpah, mpah... det smakar godt. Han sìt og roykjer eit Bìl; maa kurre
Maten. Og sjaa paa Vêre litegrand; mpah, mpah, mpah, mpah . . .

Kjeringi gjeng ut og inn; i Skjorta og Stakken, med Haarbusti til alle Kantar.
"Han ser utrygg ut i Dag," segjer ho; "det vør' full' kje bra, um det vart Regn
aat deg." - "Mpah, mpah, mpah; ne- ei."

Ho gjeng ut. Kjem inn att. Tuslar att og fram paa Golve. Steller i Skaape, det
gamle rare Skaape fraa Farfar si Tid, der det stend so vent eit Bibelspraak:
"Herrens Velsignelse gjør Huset Rigt foruden Møye". Steller med Kjelen. Gjeng
aat Glase og ser ut; tykkjer verkeleg at det ser ymist ut med Vêre. "Det er no
vel kje noko du tarv haste so med heller, dette," segjer ho; "det løyp kje fraa
deg; og det er lengi til Hausten, veit du; og den som ikkje agtar Vêre fær ofte
trega det. - Du kann alltid faa deg ein Kopp Kaffi til, er det so du vil hava?"
Ho slær upp-i Koppen aat Mannen sin. Gjeng so ut. Og kjem inn att. Gjeng og
steller kring Aaren. Legg ein Vedpinne paa Elden: "du hev no alltid Inne-Arbeid
au, um so var, Lars; denne Bytta du hev tenkt so lengi aa setja Band paa. . . du
kunde gjera aat den i Dag. Ho Goro jamrar seg so ille for Bytta, so det er reint
av Lagi."

Mpah, mpah, mpah; "noko skal de no alltid ha aa gnaale paa."

Ei Stund etter gjeng han ut. Ho høyrer han gjeng aat Bui. Noko etter kjem han
inn att rned Hamar og Tong og Kniv og Spikar. "Du fær koma med denne Bytta daa.
Det vert vel kje Fred aa faa til nokon Ting, fyrr du fær denne Bytta." Kjeringi
ut etter Bytta so snøgt som ho hadde brent seg.

Naar han Lars er ferdug med Bytta, er Klokka so mange, at det lite kann nytte aa
fara til med noko Ute-Arbeid i Dag. Sét slikt! -- Naa; so fær me sjaa paa Vere
til i Morgo.

Um Morgonen regner det. Dagen etter er Vêre godt nok; men so er det Laurdag. Og
det hev seg daa ikkje aa taka til med eit Stor-Arbeid paa ein Laurdag lell.

Um Sundagen kviler han Lars seg godt ut; for no lyt det bi i Morgo daa, maa'ta.

Men -. Um Maandags Morgonen kjem han i Hug, at han skulde so plent ha vori
burt-i Gardom og tala ved 'n Jo Uppistugunn um den Sauen han skulde faa taa 'n i
Haust; sét slikt; at han no skulde ha gløyrnt det au daa!

Lars ruslar aat Uppistugunn. Og sìt der og røder um Vêre, og um han Svein Moann
som er so sjuk, og ymist anna som til høyrer, til dess det lid ut paa Eftan. Daa
kann det gaa for seg aa bera upp Maalemne sitt.

Han fær avgjort det um Sauen. Og kjem heim att i Kveldingi. "Set slikt! Der
gjekk den Dagen med!" segjer han Lars i Lia.
Morgonen etter er han endeleg paa Veg yvi Tune til Arbeide sitt.
Daa kjem det ein Karjol burt-i Vegen. Kven kann no det vera, tru?
Beiskede er det kje Lensmannen. Og Karane fraa Utigard er med. Kva Fankeren --

Lensmannen stoggar og helsar. Kvar Lensmannen skal av i Dag? - Han skal hit. -
Kva han skal gjera her? - Han skal pante for Skatten.
"Aa for Dunderen. Nei men hev eg no gløymt den au daa," segjer han Lars. "Du
hev gloymt 'n lengi no," svarar Lensmannen. "Sét slikt!" knurrar Han Lars;
han legg Arbeidsvelden fraa seg for den Dagen.

Morgonen etter er han huglaus. Det kann ikkje bli noko av med nokon Ting no,
fyrr han hev vori av og høyrt, um han kann faa laane Pengar til Skatten, tykkjer
han.

"Ja hev du no sét slikt!" knurrar han Lars og klaar seg att-um Øyra. "Er det kje
som det var utgjort! Og no kjem Onna au!" Og so sèt han i, at «no fær det vera
med Løo til Hausten daa."
"Men," legg han til, "kjem det noko i Vegen daa med,
ja so peiskede fer eg kje til Amerika!" --

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt