Handi hans far

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Handi hans far min var sliti og hard
og skrukkut som gamalt horn,
ho fekk si bragd på den magre gard
i træling for kona og born.

Fekk ho sin svip av den tungføre år
i andror so mang ei stund,
og jamt um natti ho var so sår,
hans auga det fekk ikkje blund.

Handi hans far min, eg gløymer 'kje ho
med fingrane krøkt av mein,
ho ligg og skin i mitt minne no
so fin som ein perlestein.

Tidt når eg veiknar, og båten driv av,
eg tykkjer hans trugne hand
enn ror ved sida mot straum og hav
og bergar meg båten i land.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt