Harald Haarfagre.

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Dei segjer der vest
        paa Karmsund-Leid,
der Haarfagre sov i sin Haug,
        at bryt seg i Storm
        Havet mot Land
med Dunder og ylande Draug,
        daa vaknar Gamlingen,
        reiser seg upp
og skodar kringum seg vidt;
        og Auga logar
        lik kvasse Eld,
        som der han stend
        i den myrke Kveld
og ser yver Landet sitt.
        Og daa det er,
        at møtest det tvo,
        so spør den eine
        den andre som so:
"Heve du set han Harald blunka?"

Naar Baara velt seg
        fraa framand Strand
        med Tore-Dyn
        imot Noregs Rand
        og brøyter Skum-Veg
        til Sund og Vik
        og straar yver Strender
        Vrak og Lik,
        - daa stig han,
        Nordmanna-Storegut,
        i Brynje-Bunad
        or Haugen ut
        og skodar yver
        si Heimsens Bygd,
        um Kollarne stend
        med si gamla Trygd,
        og ser seg ikring,
        um det inkje er so,
        at enno ligg Noreg
        fritt yver Sjo,
        og røyner etter,
        um Landsens Menn
        stend burtmed Varde
        paa Vakthald enn;
- daa er det, dei ser han Harald blunka.

Men kjem det ei Tid
        daa Noregs Folk
        kysser paa Hand
        og takkar fyr Svolk,
        og gløymer det,
        som det eingong var
        og hugsar kje paa,

        det var skapt til Kar,
        og let seg nøra
        med Vanvyrd og Svik,
        og bed til Sjaund
        fyr sitt eige Lik,
- daa ser dei kje meir han Harald blunka.

Og du, som er
        av vaart eige Lag,
        du, som liver
        i Noreg idag:
heve du set han Harald blunka?

av Per Sivle.
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt