Heim med siger - !

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Heim med siger skal du svinga
eingong trugne, norske vakt,
offerhug og elsk i bringa,
ingen stend for slik ei magt!
Aasmund Vinje - høyr i dalen
raader «Maalet hennar mor»,
strøymer vaarfrisk inn i salen,
der du sit ved hovding-bord . . .

Mang ein varm og ærleg vilje
stridde for vaar store sak,
stupte bleik og trøytt paa tilje
- myrkt framfyre, myrker bak . . .
Men fraa unge bataljonar,
som vil Norig fritt for skam,
mannleg merkesongen tonar:
Norske fana, du skal fram!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt