Heimlandet

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Her er det land, som hugar meg best,
og hit hev og lengta lenge;
her var det stødt som hugen var fest
og gjekk i sitt gamle gjenge.
Vida hev eg flutt og faret ikring,
aldri saag eg slike hyggjelege ting.
Ja, mykjet hev eg sett,
og meir hev eg frett,
men her hev eg sett det beste.

Her er vel jordi hugleg aa sjaa
og yndeleg paa alle tider,
helst naar ho heve sumarsplaggi paa
og blømer til dei øvste lider.
Aldri vild' eg bytt i nokonhanda skatt
denne vaar sæle, sumarljose natt,
daa jordi ligg i skrud
og søv som ei brud,
og dagen vakjer trutt um landet.

Her heve alt ein vænare lit,
han gjerer meg so godt i hjarta;
her er det rett, som alt hadde vit
og kunde baade læ og garta.
Folket og eg er like som eitt;
alt kva dei segja, skynar eg so greidt;
og aldri er der ord
paa all den vide jord,
som ganga meg so til hjarta.

Her kan eg kjenna bygder og bol
og berg i so ymse rader;
fjøra og fjell og himmel og sol
er kjendar' enn andre stader.
Saart hev eg sakna heimen ei tid,
difyr er han no so kjær og so blid.
Lat koma kva som kan;
eg møter som ein mann,
og aldri fer eg ut or landet.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt