Heimvegen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

I Heimen der hyggjer seg Barnet best
til Heimen vil Ungdomen stunda,
og Mannen, som sviver i Aust og Vest,
vil helder paa Heimferdi skunda.
Um Landet var bratt, og steinutt og svadt,
og Mødor i Vegen var manga,
paa Heimvegen gjekk det daa helder radt,
og Milerna vardt ikkje langa.

Mauren kryp aldri so vidt i Kring,
han leitar ei uppatter Tuva,
og Mannen løyp inkje so lang ein Sving,
han lengtar ei heim til si Gruva.
Um og han var glad i framande Stad,
so vil ikkje Hugen seg festa,
og Heimen med Haugar og Stein og Svad,
han verder daa kjærast' aa gjesta.

Ja heime der baka dei Braudet best,
og vænaste klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet mest
og vænaste kveda dei Kvædi.
Der ser du ein Dag med ljosare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,
so finner du endaa eit Hygge.





Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt