I Omnskraai

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjose,
men d'er for tidleg aa kveikje Ljose.
Lars Dreng maa stulle i Stall ei Stund.
Ho Mor, ho tek seg sin Skùmingsblund.

Daa inn dei tuslar fraa andre Garden,
han litle Per ho snilde Maren.
Det er so varmt i den logne Kraa,
og no dei Sogur vil høyre paa.

Det er den Moro dei helst vil velja;
og Veslemøy kann so godt fortelja.
Det gjeng med Segnir og Æventyr
og løgne Rispur um Troll og Dyr.

«Han Helge Haaland so vide jagta;
ein Gong i Byen han laag og slagta.
Men daa han kom seg til Holmesylt
paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt.

Det var som Fjelli dei hadde flutt seg;
det var som Leidine hadde snutt seg;
og Jord var Vatn, og Vatn var Jord,
og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord.

Han hadde gløymt kvar han heime budde;
i Ring han tulla, og so han snudde.
Attende bar det so snøgt som Eld;
det leid paa Tidi; det var alt Kveld.

Han kjende plent som det saug og drog 'n.
Med ein Gong stod han i Vatneskogen.
Daa vart han fælin, det maa dé tru,
og andre Gongen so laut han snu.

Og berre Søyla han gjekk og glatt i,
og meir og meir vart det svarte Natti.
Og Leidi burte var so for han,
som han skuld' vera i framandt Land.

Og langt og lengi han gjeng og flakkar;
sist stend han ør millom bratte Bakkar.
Her aldri fyrr han i Verdi var.
Men so med ein Gong han ser ein Gard.

Og glad vart han, der han stod forlegin,
og inn han gjeng og vil spyrja Vegen.
Men aldri Orde so fær han frett.
For slik ein Gard hev vel ingin sétt.

Det berre glimar og glor og blenkjer
fraa Krakk og Kraa og fraa Bord og Benkir;
og Perlur hev dei um Hals og Haar,
og Sylvstas singlar kvar Gong dei traar.

Han gløymer reint kva det var han vilde;
og alle her er so hjarte-snilde.
Dei stullar um han i Rad og Krins
med Drykk og Mat som han var ein Prins.

Han gløymer heime og alt der ute;
snart er han sessa paa Silkepute.
Der sìt han stirer og er som ør;
d'er nett han svarar, naar nokon spýrr.

So tidt han tyrster, so kjem med Kruse
den vene Dotteri der i Huse.
Slik Dros i Verdi han aldri saag;
reint som ei Hildring det um ho laag.

Han ser paa Gjenta som vil han daane;
ho smiler til han, so han kann braane.
Den gamle nikkar og segjer daa:
«um du ho likar, du kann ho faa.»

«Ja fær eg henne og dertil Garden,
so kund’ eg aldri bli betre farin.»
«Ja Garden fær du naar fraa eg fell,
og Bryllaup held dé i denne Kveld!»

Og alt gjekk godt til um Natti seine,
daa dei i Brurkoven vart aaleine.
Daa alt med ein gong han skỳna maa;
for Huldrerova so fær han sjaa.

Daa baade fæle han maa og flire,
og Kniven dreg han i Hast or Slire;
i same Stundi det gjekk eit Rop,
og svart og burte var alt ihop.

Han fann seg att under Haalandsaasen
med vondt i Hovde og vaat og frosin.
Daa alt han skỳna: i heile Gaar
han hadde gløymt lesa Fadervaar.

Men sidan tidt, naar han einsleg staaka,
han denne Huldremøy atter raaka;
og daa med Taarir ho klaga seg:
«du kunde frelst baade meg og deg.»

Det er nok mange i Haug og Hamrar
som gjeng og lengtar og stilt seg jamrar;
dei saknar saart baade Sol og Dag;
men talmast maa dei i Tusselag.»



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt