I Slaatten

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

No Ljaaen han syng paa den saftige Voll,
og alle Smaablomane slær han i Koll,
og Grase av Roti han sopar.
Det gjeng seg so lett i den dogg-mjuke Eng;
i Skaarane svingar seg Dreng etter Dreng
og slær so or Vegen! det ropar.

Ja svinga, du Slaattar, og Vollane snøyd!
Det angar so godt av det nyslegne Høy,
som Verdi var full utav Blomar.
Det legg seg ein God-daam um Bakke og Bygd;
det er som ei Ørske av Nøgd og av Trygd;
det angar so hjarteleg Sumar.

Og gjev det vil skifte med Sol og med Vind,
so all den Guds Gaava dei godt kann faa inn!
Det vil eg so inderleg beda.
Ja gjev oss ein Terre[1] so god og so traust!
Daa tarv me kje ræddast den folnande Haust;
og Jol skal me halda med Gleda.

  1. Terre: turt Vêr


Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt