Isafold

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Eit Land mot Nord med Snjo um Tind,
der Ishavsbylgja leikar inn,
eit Land av Nordmenn byggt;
med Sogeglans um Jøkulrand,
med Noregshug hjaa Møy og Mann
og Fedramaal paa Folkermunn
med Rot i gamall Grunn.

Den Leidi, Ingolfs Skuta fór
paa Baareveg fraa gamle Mor,
gjeng Nordmanns Hug idag;
ja, stødt hans ljose Draum det var
aannyo verta Landnaamsfar'
og slaa med Ungdoms-glod eit SIag
fyr norrønt Systkinlag.

Ho ligg der aust med Fjell og Skard
og minnest, kva du engong var,
du Snorres fagre Øy;
ei Moderkjensla, rik og varm,
enn logar høgt i hennar Barm
- i Heim ved Sjo, i kvar ei Bygd,
av Ættesamband tryggd.

Eit lite Folk paa stendig Vakt
det synte tidt, det var ei Magt,
mot Vald og framand Ham;
ei fagna Takk daa, Isafold
- fyr Fedranmaal vaar beste Skjold -
gaa djervt, som fyrr forutan Skam,
bak Falkefana fram!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt