Island!

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Eg kann deg aldri gløyma,
du fagre Jøkul-land,
dei ljose Sumarkveldar
ved Skagafjordens Strand;
med blide, grøne Dalar
i yndleg Helgdagsro,
der friske Elvar svalar
- med Fugl paa audsleg Mo . . . .

Og ligg du høgt mot Norden,
varmt er ditt Hjarteslag,
din Folkebarm han bylgjer
av Livsens Ande-drag.
Kring um sitt Fridoms-merke
det stend - som Sverd og Skjold -
ei Tjod av Viljar sterke
paa Vakt for Isafold!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt