Ivar Aasen (Sivle)

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk
(Tone: „Ola Glomstulen - -“).


Han gjekk for seg sjølv, korkje halt eller skakk.
Og sjeldan du saag han i nymaata Frakk.
Av Silke-Vest fanst det kje Filla hjaa han,
— enn var han meg Noreg sin finaste Mann.

Um Vesten var Vadmaal som Trøya den graa,
innunder det banka eit Hjarta som faa.
Det banka for Noreg si Heppa og Frægd,
der Morsmaalet ikkje tarv vera paa Legd.

Paa Hovud sat Hatten med Merke av Aar,
men under laag Hausen so rund og so klaar.
Og aldri han geipa til andre sitt Verk,
— difor var han og i sitt eige so sterk.

Han røkte, til Noreg si Livs-Rot han fann
— og derfraa just Morsmaalets Livsskjelda rann.
Han fann henne full utav Tros og av Stein,
— tok so til aa yrkja, til Grunnen vart rein.

Daa syntest det fyrst, kor den Drykken var klaar,
som runne han hadde i Hundradtal Aar.
Det smaka av Soga sin urgamle Brunn,
— og det var vel Drykk for ein Norrøna-Munn!

— Ja, Ivar, kva du hev faatt retta for oss,
det veit me, og helsar fraa Trysil til Voss,
at fagnare Kar veit vaart Land ikkje av.
— Gud varne vaar Bautastein her paa di Grav!




Viser og kvad (av Per Sivle)
Per Sivle - Viser og kvad - forside.png
Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt