Jolenott

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Stjerna stod ljos yver Bethlehems stad,
der barnet i krubba laag,
hyrdingen fæltest - men undren og glad
englar i skyi han saag:
Æra vera Gud i det høgaste!

Lydde til bodet fraa himmelkor
den heilage jolenott,
fager var songen: Fred paa jord,
helsing fraa Herren Drott . . .
Æra vera Gud i det høgaste!

Eldgamle soga - alltid ny
aa, slaa i kvart menneskje ned,
eingong yv' hjartløysa dagen vil gry,
dagen med rettferd og fred . . .
Æra vera Gud i det høgaste!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt