Kjærleiken er lydig

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

(gut)

Ein konfirmant er ikkje ein stødig, varig ven,
ein kompis som er stabil ved kvart høve.
Da kan ein heller seie at ein konfirmant er ein,
som setter alt ditt tolmod på ein prøve.

Han vaknar opp som omskapt ein ganske vanleg dag,
med feiljusterte lydar ifrå strupa.
På halsen tittar dun, skjegg og kviser opp i lag,
og gamlingane hamnar under lupa.

Og han er ikkje nådig, her vert det lyst med lykt,
og obdusert med skalpellkvasse fakta.
Nei, inga gamle sanningar får leva livet trygt,
no er det tid for opprør imot makta.

Og er du sjølv pedantisk og krev din rett, la vær!
Det drys med rot, i rom han sig igjennom.
Elles må du hugse at din musikksmak er sær.
Og hjernen hans er nesten aldri heimom.

Men innimellom er han, litt rotlaus og forsagt,
og hendene vert lange og fortapte.
Da er du den han treng, så vær open for kontakt,
men aldri meir enn poden din kan makte.
  
Ja, dagen er no komen, han er din konfirmant!
Sjølv om du nok er både teit og spydig.
Men både du og poden veit, han er din diamant.
Og kjærleiken den utstår alt, er lydig!


Brukslyrikk. Fra vugge til grav. av Hans Anton Grønskag.

Fødsel

Dåp og navnedag

Barnehagen

Skolen

Konfirmasjon/ungdom

Ferdig med utdanning

Forlovelse

”Siste” kveld med gjengen

Bryllup

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt