Kom Heilag Ande! til oss ned

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Tone:Af Høiheden

Kom Heilag Ande! til oss ned!
Stig inn i Hjartat med Guds Fred!
Og lys med Gudsords Stjerna!
Du Himmel-Ljos so klaar og prud!
Giv at me Sannings Veg til Gud
         Ved deg maa fylgja gjerna!
         Leid meg
         Den Veg!
         Lys fyr Foten!
         Riv med Rotenn’
Ut dei Tankar,
Som fraa Myrkheim til meg vankar!

Giv Kraft og Verknad av ditt Ord,
Som Gud oss sende ned paa Jord!
Lat det som Ljoset brenna!
At me Gud Fader og Guds Son
Og deg, vaar Lut og Livsens Von,
         Kann rett i Sanning kjenna!
         Giv du
         Fast Tru,
         Hjartagleda!
         Læær oss beda:
”Abba Fader!”
Fri fraa Alt, som Hjartat skader!

Statt du oss paa vaar Vandring nær!
Lær oss at fara stødt vaar Ferd!
Lat Foten inkje glida!
Giv du vaart Laup det rette Maat!
Lær oss din Kross med Tol og Traatt
         At bera og at lida!
         Giv Dug,
         Heil Hug!
         Lat all Trengsla,
         Band og Stengsla
Slitna, falla,
Som oss burt fraa deg vil halda!

Du dyre Balsam, Lækjesaft!
Du maa oss sjølv all Dygd og Kraft
Og Hjartastyrking giva,
Naar Fienden med Sverd og Pil
Oss ut til Striden eggja vil,
         At me kann honom driva!
         Vaar Saal
         Giv Tol!
         At den Plaga,
         Me maa draga,
Mildt kann linnast,
Og der Læækjedom kann finnast!

Du milde Dogg! fall ned til Jord!
Og giv vaar Tru vælsignad Gror!
Lat kristen Kjærleik bløma!
So Alle eins i same And
Maa standa trutt i Broderband,
         Som det Guds Folk kann søma.
         Men Strid
         Og Rid,
         Som ei høva,
         Men vil røva
Deg di ææra,
Langt ifraa ditt Folk lat vera!

Lat oss i Tru og heilag Sid
Naa fram til Livsens Maal og Mid
Og giv oss av din Naada,
At me fyr Aalvor kjenna maa,
At aldri fram me kunde naa,
         Um Kjøtet skulde raada!
         Vis meg
         Din Veg!
         Fram meg skunda!
         Lat meg stunda
Til det Høge,
Der i deg eg finn mitt Nøge!

(Etter S. Jonæson)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt