Kråkevisa

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk
Mannen han gjekk seg i vedaskog,
- hei fa-ra i vedaskog.
Da sat det ei kråke i lunden og gol.
- Hei fa-ra! Faltu riltu raltu ra!
Mannen han tenkte med sjølve seg,
å tru no den kråka vil drepe meg?
Og mannen han spente sin boge for kne,
så skaut han den kråka, så ho datt ned.
Så sette han føre dei folane tolv,
da køyrde han kråka på låvegolv.
Så flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog innpå seksten og tjue pund.
Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
det beste paret gav han til "mor".
Og kjøtet han salte i tynner og fat,
og tunga den hadd' han han julemat.
Av tarmene gjorde han tolv par reip,
og klørne dei brukt' han til møkkagreip.
Og nebben den brukt' han til kyrkjebåt,
så folk kunne segle båd' til og frå.
Av augo så gjorde han stoveglas,
og nakken den sett' han på kyrkja til stas.
Og den som kje kråka kan nytte så,
- hei fa-ra, kan nytte så,
han var ikkje verd ei kråke å få.
- Hei fa-ra! Faltu riltu raltu ra!